Nesflaten
| Nesflaten | |||
| stad | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Rogaland | ||
| Kommune | Suldal | ||
| Postnummer | 4244 NESFLATEN | ||
| Preposisjon | på Nesflaten | ||
| Ferdselsårer | |||
![]() Nesflaten 59°38′00″N 6°48′00″E / 59.63333333°N 6.8°E | |||

Nesflaten er ei bygd i Suldal kommune i Rogaland. Lokalt vert staden kalla berre Nes. Nesflaten ligg på nordsida av Suldalsvatnet, og Riksveg 13 går på utsida bygda. Frå Nesflaten er det ca 50 km til kommunesenteret Sand i Suldal og 30 km til Røldal i Ullensvang herad. Om lag 80 husstandar soknar til Nesflaten.
På Nesflaten ligg Nesflaten skule som er ein kombinert barne- og ungdomsskule. På skulen har Suldal bibliotek ein filial. Like ved skulen ligg Nesflaten barnehage.
Nesflaten hadde ein oppsvingsperiode under kraftutbygginga av Røldal-Suldal på 1960-talet, ein kan sjå resultatet av det ved nokre av dei særeigne husa som blei bygd på Nes i den perioden. Arkitekt Geir Grung teikna byggjefelt og bygg for kraftanlegget i særmerkt stil. I dag er den tidlegare messa og personalhotellet omgjort til Energihotellet.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Denne geografiartikkelen som har med Rogaland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |
