Nesheim kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nesheim kyrkje
kyrkje
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Hardanger og Voss
Sokn Nesheim
Fellesråd Vaksdal
Type Langkyrkje
Arkitekt Adolf Schirmer
Material Tre
Innvigd 17. september 1908[1]
Kyrkjegard Ved kyrkja, innvigd 1924
eldre kyrkjegard, truleg frå 1800-talet, aust for kyrkja
Sitjeplassar 120
Kart
Nesheim kyrkje
60°47′55″N 6°09′19″E / 60.7987°N 6.1554°E / 60.7987; 6.1554

Nesheim kyrkje står på Nesheim i øvre delen av Eksingadalen i Vaksdal kommune i Vestland fylke, og er ei langkyrkje frå 1908. Ho er reist etter teikningar av arkitekt Adolf Schirmer.[1][2] Kyrkja er bygd i tre og har sitjeplassar til 120 personar. Ho er den fyrste kyrkja på staden og vart bygd i nærleiken av ein eldre hjelpekyrkjegard. Ein veit ikkje sikkert når gamlekyrkjegarden vart oppretta, men det kan ha vore på byrjinga av 1800-talet.[1]

Nesheim kyrkje er soknekyrkje i Nesheim sokn i Hardanger og Voss prosti. Området høyrde til Evanger prestegjeld til 1968, då vart det overført til det nyoppretta Vaksdal prestegjeld. Prestegjelda vart fasa ut frå Den norske kyrkja frå 2004.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Norges Kirker: «Nesheim kyrkje» på nettstaden til Norsk institutt for kulturminneforskning».  Vitja 13. april 2009 / 1. august 2016
  2. Jens Christian Eldal. «Adolf Schirmer». Norsk kunstnerleksikon. Henta 1. august 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]