Nesland stavkyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Portalplankar frå Nesland stavkyrkje utanfor dagens kyrkje
Foto: Kulturhistorisk museum

Nesland stavkyrkje er ei tidlegare stavkyrkje i Vinje kommune i Telemark. Ho stod på toppen av ein gravhaug om lag 20 meter sør for der dagens Nesland kyrkje står. Ei innskrift vil ha det til at stavkyrkja var vigd til Den heilage krossen og Heilag-Olav 8. august 1242, men det kan dreie seg om ei ny vigsling, for ut frå stilistiske kriterium vert kyrkja datert til 1100-talet.[1] Det finst elles ei flyttesegn om kyrkja som seier at ho først skal ha stått på Mannås,[2] utan at dette er stadfesta av pålitelege kjelder. Kyrkja var ei våkekyrkje der ein heldt sankthansvåk.[3]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Kyrkja var lita, berre 8–9 meter lang. Ifølgje Magnus Brostrup Landstad var det den minste kyrkja han hadde sett. Kyrkja vari einskipa. Koret var lågare og smalare enn skipet, og det skal ha kome til seinare.[4] Koret stod for øvrig på stabbar, slik at korgolvet var heva om lag tre fot over golvet i skipet. Kyrkja hadde eit spir som ikkje var opphaveleg, og svalane rundt kyrkja vart fjerna før kyrkja vart riven. Kyrkja var enkel i det ytre så vel som i det indre.

«Det Indre var meget simpelt og man søgte forgjæves Noget, der kunde henregnes til en mere udviklet Kunst. Men desuagtet gjorde den dog et besynderligt Indtryk på den Indtrædende.»

Landstad (1852), s. 5.

Takstolen i kyrkja skal ha vore open, og vegger og tak skal ha vore måla med bibelmotiv i vassfargar. Lorentz Dietrichson daterer denne målinga til 1713.

Magnus Brostrup Landstad kjempa for å ta vare på den litle stavkyrkja, men ho vart riven etter at dagens kyrkje stod klar i 1847. I 1852 gav Landstad ut eit lengre dikt om stavkyrkja, «Nesland Kirke».

Gjenstandar frå kyrkja[endre | endre wikiteksten]

Mellom gjenstandar som er tekne vare på frå Nesland stavkyrkje, er tre par portalplankar i Oldsaksamlinga, plankebord med utskorne bibelmotiv og plankebord med innskrifter, ein døypefont med lokk, ei kyrkjeklokke (i Flåbygd kyrkje) og dessutan kalk og disk. Eit gamalt krusifiks vert brukt i altartavla[5] i dagens kyrkje. Litteraturen[6] omtalar dessutan ein mariafigur, utan at det vert gjort greie for skjebnen til denne.


Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Brendalsmo (2016), s. 125.
  2. Landstad (1852), s. 5.
  3. Landstad (1852), s. 7.
  4. Dietrichson (1892), s. 361.
  5. Avbilda på Kyrkjesøk.
  6. Henriksveen (1986), s. 181.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]