Ness Ziona

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ness Ziona
נֵס צִיּוֹנָה
by
Våpenskjold
Land  Israel
Distrikt Sentral
Koordinatar 31°56′N 34°48′E / 31.933°N 34.800°E / 31.933; 34.800
Areal 15,579 km²
Folketal 38 100  (2009)[1]
Folketettleik 2 446 / km²
Grunnlagd 1883
 - Bystatus 1992
Borgarmeister Yossi Shvo
Kart
Ness Ziona
31°56′00″N 34°48′00″E / 31.933333333333°N 34.8°E / 31.933333333333; 34.8
Wikimedia Commons: Ness Ziona

Ness Ziona (hebraisk skrift נֵס צִיּוֹנָה, Nes Tziyona) er ein by i det sentrale Israel som vart grunnlagd i 1883. Mot slutten av 2009 hadde byen eit folketal på 38 100,[1] og dekkjer eit område på 15,5 kvadratkilometer.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Nahalat Reuben[endre | endre wikiteksten]

Ness Ziona, 1934

Ness Ziona vart først kalla Nahalat Reuben (tyder «eigedomen til Reuben») etter Reuben Lehrer, som eigde område. I 1878 kjøpte Templer Reisler landområde i Wadi Hunayn, og planta ein frukthage. Han budde der med familien sin. ETter kona og barna døydde av malaria, reiste han attende til Europa. Han reiste til Odessa i 1882 og møtte Reuben Lehrer, ein russisk jøde med sionisttankar, som eigde jordbruksland der. Reisler byta landområdet i Palestina mot landområdet til Lehrer i Russland. Lehrer utførte ein aliyah med den eldste sonen Moshe i 1883, og førte kona og dei sju barna over året etter.[3][4]

Lehrer marknadsførte i hamna nær Jaffa etter andre som kunne bli med han. Pionerane grunnla eit nabolag kalla Tel Aviv (byen Tel Aviv fanst då ikkje) sjølv om området framleis gjekk under det arabiske namnet Wadi Hunayn.[4] I 1888 vart Avraham Yalovsky, ein smed, drepen då han forsvarte eigedomen sin mot arabiske gjengar.[5]

I 1891 kjøpte Michael Halperin meir land i dalen. Han samla ei gruppe folk på Kjærleiksåsen og reiste eit blått og kvitt flagg med orda Ness Ziona («Banneret til Sion») skriven i gull. Namnet er basert på eit vers i Jeremia 4:6. Flagget likna det israelske flagget, som den første sionistkongressen tok i bruk sju år seinare.[3][4]

Arabiske åtak[endre | endre wikiteksten]

Lehrerplassen.

Ness Ziona vart angripen av arabiske styrkar under arabaropprøret 1936–39, og den arabisk-israelske krigen i 1948. Dei nærliggande landsbyane Kfar Aharon og Tirat Shalom (i dag ein del av Ness Ziona) var ofte i kampar med dei arabiske landsbyane al-Qubayba og Zarnuqa (i dag vestlege Rehovot).[6] Det emste av ungdomen i Ness Ziona vart med i Haganah for å kjempe mot arabarane. Den 15. mai 1948 vart Sarafand evakuert for arabiske innbyggjarar, og den 19. mai vart al-Qubayba og Zarnuqa erobra av Givati-brigaden. Mange av dei flyktande arabarane frå dei kringliggande landsbyane, flytta til Ness Ziona og området til byen auka kort tid etter krigen.[6]

I Israel[endre | endre wikiteksten]

Under krigen vart folketalet i Ness Ziona nesten tredobla til 4 446 (i følgje ei teljing den 23. oktober 1949), og fram til 1950 absorberte den lokale kommunen 9 000 olim, dei fleste husa i ma'abarot. I 1952 vart det godkjend eit nytt industriområde for byen med eit område på 70 mål. In 1955 vart det godkjend eit industriområde til.[6]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Ness Ziona ligg på Den israelske kystsletta kring 10 km frå kysten av Middelhavet, sør for Tel Aviv. Byen grensar i nord til Rishon LeZion, i aust til Be'er Ya'akov og i sør til Rehovot. Beit Hanan, Beit Oved, Ayanot ungdomslandsbyen og kibbutzen Netzer Sereni grenser òg til byen. Byen er utforma med eit landleg preg sidan byplanlegginga har forbode bygningar høgare enn åtte etasjar. Eigedomsverdien har stige 30 prosent dei siste åra.[7]

Demografi[endre | endre wikiteksten]

I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå (CBS) var den etniske samansetninga i byen i 2005 på 99,6 % jødar og andre ikkje-arabarar.[2]

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Ness Ziona er heimstaden til Israel Institute for Biological Research (IIBR), eit statleg forskingsinstitutt for forsvaret innan kjemisk og biologisk forsking[8] med 350 tilsette, og Zenith Solar, eit solenergiføretak.[9]

Idrett[endre | endre wikiteksten]

Ness Ziona stadion

Byen har vore representert på det øvste nivået i israelsk fotball av to klubbar. Maccabi Ness Ziona spelte på det øvste nivået den første sesongen etter det israelske sjølvstendet, men tapte alle kampane og rykka ned.[10] Ein ny klubb, Sektzia Ness Ziona vart skipa i 1956 og nådde det øvste nivået i 1966, men dei òg rykka ned etter berre ein sesong. Etter å ha blitt nedlagt, vart klubben starta opp att som Ironi Ness Ziona i 2001, og har sidan gått attende til det gamle namnet sitt og nådd Liga Leumit, det andre nivået.

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Huset til grunnleggjaren av Ness Ziona

Ness Ziona er venskapsby med: [11]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Table 3 - Population of Localities Numbering Above 2 000 Residents and Other Rural Population» (PDF). Israelsk statistisk sentralbyrå. 30. september 2014. Henta 21. juni 2015. 
  2. 2,0 2,1 «Local Authorities i Israel 2005, Publication #1295 - Municipality Profiles - Ness Ziona» (PDF) (på hebraisk). Israelsk statistisk sentralbyrå. Henta 21. juni 2015. 
  3. 3,0 3,1 Young, Daphne. «Ness Ziona - The Flag of Zion!». Ness Ziona Municipality. Arkivert frå originalen 30. april 2010. Henta 21. juni 2015. 
  4. 4,0 4,1 4,2 HaReuveni, Immanuel (1999). Lexicon of the Land of Israel (på hebraisk). Miskal - Yedioth Ahronoth Books and Chemed Books. s. 692. ISBN 965-448-413-7. 
  5. «Yalovsky, Avraham - Life Story». Israel Ministry of Defense. Arkivert frå originalen 10. april 2009. Henta 21. juni 2015.  (he)
  6. 6,0 6,1 6,2 Regev, Yoav (1993). Ness Ziona - 110 Years (på hebraisk). Tel Aviv i Israel. s. 48–51. 
  7. Lieberman, Guy. «Watch out, Tel Aviv!». Haaretz. Henta 21. juni 2015. 
  8. The Observer newspaper: Marcus Klingberg: the spy who knew too much, 27. april 2014
  9. At the Zenith of Solar Energy, Neal Sandler, Businessweek, 26. mars 2008
  10. «Israel - List of Final Tables». RSSSF. Henta 21. juni 2015. 
  11. «Twin Cities». Ness Ziona Municipality. Arkivert frå originalen 10. april 2009. Henta 21. juni 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]