Nessefjorden
Utsjånad
| Nessefjorden | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Vestland | ||
| Kommune | Solund | ||
![]() Nessefjorden 61°04′06″N 4°54′57″E / 61.068335°N 4.91586694°E | |||
Nessefjorden er ein liten fjordarm av Sognesjøen og Sognefjorden på øya Sula i Solund kommune.
Fjorden har innløp mellom Kråkeneset i aust og Åboreneset i vest og Fluskjera og Fluskjerholmen ligg midt i innløpet. Frå her strekkjer fjorden seg 6,5 km nordover. Nesøyna ligg på vestsida av den ytste delen av fjorden. Det ligg tre bruk inne i fjorden. Pollen ligg på vestsida, rett nord for Nesøyna. På austsida ligg Eidet ved søndre Eidsvågen. Ein kilometer lenger nord ligg nordre Eidsvågen på nordsida av Sula. Inst i fjorden ligg Nessevågen og Nessa, som har gjeve namn til fjorden.
