Nesset kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nesset kommune
Kommune
Kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Adm.senter Eidsvåg
Areal 1 046 km²
 - land 988 km²
 - vatn 58 km²
Folketal 2 970 (1. januar 2016)
Folketettleik 3 / km²
Målform Nynorsk
Ordførar Rolf Jonas Hurlen (H)
Kommunenummer 1543
NO 1543 Nesset.svg
Wikimedia Commons: Nesset

Nesset kommune ligg i Romsdal i Møre og Romsdal fylke og grensar i vest til Rauma, i nordvest til Gjemnes og Molde, i aust til Sunndal og i sør til Lesja i Oppland fylke. I nord ligg Tingvoll kommune nord for Sunndalsfjorden.

Bilete[endre | endre wikiteksten]

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Nesset kommune blei oppretta ved formannskapslovene av 1837.

1. januar 1890 blei Nesset kommune delt, då Eresfjord og Vistdal kommune blei oppretta som kommune med 2155 innbyggjarar. Gjenverande Nesset kommune hadde då 1706 innbyggjarar.[1]

1. januar 1964 blei Eresfjord og Vistdal kommune igjen slått saman med Nesset kommune. Eresfjord og Vistdal hadde ved samanslåinga 1289 innbyggjarar og dåverande Nesset kommune hadde 2360 innbyggjarar. Til saman fekk den nye Nesset kommune 3649 innbyggjarar.[1]

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for noverande Nesset kommune frå 1900:

1900[2] 1920[3] 1.12.1930[4] 3.12.1946[4] 1.1.1951[5][6] 1.1.1961[5][6] 1.1.1971[5] 1.1.1981[5] 1.1.1991[5] 1.1.2001[5] 1.1.2010[5]
3548 3220 3169 3679 3658 3661 3573 3492 3351 3259 3074

Kyrkjer[endre | endre wikiteksten]

Det er tre kyrkjer i Nesset kommune, Sira kyrkje i Eresfjord, Vistdal kyrkje og Nesset kyrkje i Eidsvåg.

Personar med tilknyting til Nesset kommune[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)
  2. "Hjemmehørende folkemengde Møre og Romsdal 1801-1960 frå Registreringssentral for historiske data, vitja 1. september 2010
  3. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  4. 4,0 4,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 5,6 Folkemengd i Nesset 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  6. 6,0 6,1 Folkemengd i Eresfjord og Vistdal 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.