Nesttun idrettsplass

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nesttun idrettsplass

Nesttun idrettsplass er eit idrettsanlegg på Nesttun i Fana i Bergen kommune. Han består av ein kunstgrasbane og ein grusbane.

Anlegget er heimebanen til Fana idrettslag som har herrelag i 2. divisjon. Tilskodarrekorden er på 700 frå NM 3. runde mellom Fana - SK Brann den 28. juni 2002.[1]

Tidlegare låg Traverbanen på Nesttun her. Han vart nytta av Bergen og Omegns Travselskap frå 1926 til 1985, då Bergen Travpark vart teken i bruk. Området vart regulert for parkutbygging og idrettsføremål i 1993.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Groundhopping - Nesttun Idrettsplass[daud lenkje]
  2. Gunnar Hagen Hartvedt (2003). Bergen Byleksikon (4 utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. ISBN 82-573-1036-0.