Nesttunvegen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Nesttunvegen er ein veg i Fana i Bergen.[1] Han går sørover frå Paradisleitet til Skjoldskiftet der Fanavegen og Osvegen møtast.[1] Vegen er ein del av Fylkesveg 582, og tidlegare ein del av Europaveg 68, Riksveg 14, Riksveg 1 og Riksveg 582.[1] Han går gjennom Hop og Nesttun, og mellom anna Paradis haldeplass, Hop haldeplass, Nesttun terminal, Nesttun sentrum haldeplass og Nesttuntorget ligg langs vegen. Namnet vart vedteke i 1947.[1] Tidlegare var Østre Nesttunvegen ein sideveg til Nesttunvegen gjennom Nesttun sentrum, men vegen vart stengd for biltrafikk og bygd om til gågate i 2003, og som trasé for Bybanen i 2010.[2][3]

Knutepunkt[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Nesttunvegen». Bergen byleksikon. Henta 16. august 2016. 
  2. «Østre Nesttunvegen». Bergen byleksikon. Henta 16. januar 2015. 
  3. «Slik skal Ringvei Vest bygges». Bergensavisen. Henta 16. januar 2015.