Netiv HaAsara

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 31°34′15.24″N 34°32′21.84″E
Netiv HaAsara
נְתִיב הָעֲשָׂרָה
kibbutz
Netiv-haasara01.jpg
Ein traktor nær bomberommet i Netiv HaAsara.
Land Flag of Israel.svg Israel
Region Nordvest-Negev
Distrikt Det sørlege distriktet
Kommune Hof Ashkelon
Koordinatar 31°34′15.24″N 34°32′21.84″E
Grunnlagd 1982
 - Grunnlagd av tidlegare innbyggjarar frå Netiv HaAsara i Sinai
Tilhøyrsle Moshavimrørsla
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Netiv Ha'asara

Netiv HaAsara (hebraisk skrift נְתִיב הָעֲשָׂרָה, tyder Stien til dei ti) er ein moshav sør i Israel. Han ligg nordvest i Negev og høyrer til Hof Ashkelon regionale kommune. I 2006 hadde han 704 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Moshaven vart grunnlagd i 1982 av 70 familiar som tidlegare hadde budd i den israelske busetjinga Netiv HaAsaraSinaihalvøya. Denne vart evakuert som følgje av Camp David-avtalane.[1] Den opphavlege moshaven vart kalla opp etter ti soldatar som vart drepne i ei helikopterulukke sør for Rafah i 1971, og heitte opphavleg «Minyan».[2]

Etter Israel trekte seg ut av Gaza i 2005, vart Netiv HaAsara den nærmaste busetnaden i Israel til Gazastripa, berre 400 meter frå utkanten av den palestinske byen Beit Lahiya. I sørenden av landsbyen vart ein parkeringsplass omgjort til ein base for Det israelske forsvaret og det vart sett ut ei stridsvogn der. Eit elektrisk gjerde for å stoppe infiltrasjonsforsøk frå Gaza, og tre betongmurar, vart bygd for å verne mot potensielle, palestinske snikskyttarar.[1]

Moshaven var eit mål for Qassam-rakettar,[1] Katyusha-rakettar,[3] og bombekastargranatar.[4] I 2007 sende Populær motstandskomité to geriljasoldatar for å infiltrere moshaven, men dei vart drepne av IDF.[5]

Dana Galkowicz, ei 22 år gammal israelsk-brasiliansk kvinne, vart drepen den 14. juli 2005 av ein Qassam-rakett som råka Netiv HaAsara. 20. mars 2010 vart ein thailandsk arbeidar drepen.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Berg, Raffi (18. november 2005). «israelarar on the frontline with Gaza». BBC. Henta 10. september 2015. 
  2. Mapa's concise gazetteer of Israel. Yuval El'azari (ed.). Tel-Aviv: Mapa Publishing. 2005. s. 381. ISBN 965-7184-34-7.  (he)
  3. Katz, Yaakov (16. mai 2006). «Katyusha-rakett fired at Netiv Ha'asara». Jerusalem Post. Henta 10. september 2015. 
  4. Hadad, Shmulik (13. januar 2008). «8 mortar shells hit community of Netiv HaAsara». Ynetnews. Henta 10. september 2015. 
  5. Greenberg, Hanan (25. august 2007). «IDF forces foil terror plot». Ynetnews. Henta 10. september 2015. 
  6. Galkowicz, Natan (25. august 2007). «Victims of Terror». Foreign Ministry of Israel. Henta 10. september 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]