Netiv HaGdud
Utsjånad
| Netiv HaGdud | |||
| landsby | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Jordandalen | ||
| Distrikt | Judea- og Samaria-området | ||
| Kommune | Bik'at HaYarden | ||
| Koordinatar | 31°59′17.6″N 35°26′41.4″E / 31.988222°N 35.444833°E | ||
| Folketal | 162 | ||
| Grunnlagd | April 1975 | ||
| Tilhøyrsle | Moshavrørsla | ||
![]() Netiv HaGdud 31°59′18″N 35°26′41″E / 31.988222222222°N 35.444833333333°E | |||
| Wikimedia Commons: Netiv HaGdud | |||
Netiv HaGdud (hebraisk skrift נְתִיב הַגְּדוּד, tyder Bataljonvegen) er ein moshav og israelsk busetjing på den okkuperte Vestbreidda. Han ligg i Jordandalen, kring tjue kilometer nord for Jeriko og høyrer til Bik'at HaYarden regionale kommune. I 2012 hadde han 162 innbyggjarar.
Busetjinga vart grunnlagd i april 1975 av medlemmar som hadde førebudd seg i Ma'ale Efraim, og vart kalla opp etter den 38. bataljonen i den jødiske legionen, som kjempa i Jordandalen under fyrste verdskrigen. I mai 1977 vart han flytta til den noverande staden.
Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Netiv HaGdud» frå Wikipedia på engelsk, den 16. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «The Geneva Convention». BBC News. 10. desember 2009. Henta 27. november 2010.


