Nettfiske

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Nettfiske (phishing) er ein måte å lura til seg hemmeleg, gjerne sensitiv, informasjon på via Internett. Eit typisk nettfiskeåtak er eit skjermbrev som utgjev seg for å vera frå banken til mottakaren, og t.d. ber mottakaren svara med passordet eller kredittkortnummeret sitt.

Nettfiskebrev vert gjerne sende ut til mange mottakarar, i håp om at i det minste nokre få av mottakarane vil la seg lura til å svara. Meir avanserte metodar skreddarsyr gjerne brev til dei einskilde brukarane, basert på personleg informasjon som nettfirskaren har innhenta andre stader. Ein slik framgangsmåte vert av somme kalla spyd-nettfiske.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]