Netthaletrogon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Netthaletrogon
Netthaletrogon Foto: Matt MacGillivray
Netthaletrogon
Foto: Matt MacGillivray
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Netthaletrogon
Utbreiinga av Netthaletrogon
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Coraciimorphae
Orden: Trogoniformes
Familie: Trogonar Trogonidae
Slekt: Trogon
Art: Netthaletrogon T. clathratus
Vitskapleg namn
Trogon clathratus

Netthaletrogon (Trogon clathratus) er ein fugl i trogonfamilien og finst i eit utbreiingsområde avgrensa til landa Costa Rica og Panama.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Denne relativt store trogonen er ca. 30 centimeter lang. Som dei fleste trogonar, syner arten sterkt kjønnsdimorfisme. Han skil seg frå alle andre trogonartar i utbreiingsområdet med sin lyse iris. Hannen har grøn overside, grønt hovud og øvre bryst. Andletet og strupeområdet er mørkt, vengene lys gråe. Heile undersida med undergump er raud. Oversida av halen er mørk blå, undersida mørk grå med smale, kvite tverrstriper. Nebbet er gult. Til samanlikning har hoa fjørdrakt i heilt mørk grått til olivenbrunt, men buken og undergumpen er raudfarga.[1] Netthaletrogon liknar mykje oransjenebbtrogon som lever i tilgrensande område, men oransjenebbtrogon manglar tverrstriper på undersida av halen og dei har raudoransje augering.[2]

Songen til netthaletrogonar består av ein serie av opp mot ca. 15 tonar som først aukar i snøggleik og styrke og deretter fell brått mot slutten.[3] Songen er langt meir distinkt, kortare og mindre nasal enn hos oransjenebbtrogon.[4]

Som trogonar flest sit netthaletrogonar mykje rolege. Dei lever av frukter, store insekt og jamvel små amfibium og reptil, lågt eller middels høgt i trekroner i våt skog. Utbreiingsområdet er på nordsida av den sentrale fjellkjeda gjennom Panama og Costa Rica, mellom 90 og 1360 moh.[1]

Populasjonen er ikkje estimert, er trudd å vere minkande, men arten er klassifisert som livskraftig.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 Collar (2016)
  2. Collar 2 (2016)
  3. Opptak av song frå netthaletrogonar, portal for opptak av arten hos The Xeno-canto Foundation, henta 6. februar 2016
  4. Peter Boesman, Song frå oransjenebbtrogon, Internet Bird Collection, henta 6. februar 2016
  5. BirdLife International (2016)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Netthaletrogon