Hopp til innhald

Nettlesaren Lynx

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lynx

UtviklarThomas E. Dickey
Utgjeve1992
Nyaste versjon2.9.3 (27. mai 2026)[1]
OperativsystemUnix-variant, Microsoft Windows, OpenVMS
Skriven iC
Typetekstbasert nettleser
LisensGPLv2
Nettstadhttps://lynx.invisible-island.net/

Lynx er den mest populære tekstbaserte nettlesaren for verdsveven. Han stør ikkje rammer, tabellar eller stilark. Denne nettlesaren er basert på curses, eit UNIX-bibliotek med funksjonar for å kontrollere utskrift til ein terminalskjerm frå eit C-program.

Utviklinga av Lynx byrja ved universitet i Kansas, og det er det hovudsakleg Michael Grobe, Charles Rezac og Lou Montulli som har fått æra for arbeidet.

Lynx for brukarar med særskilde behov

[endre | endre wikiteksten]

I og med at det er mogleg å bruke lynx utan mus i det heile, er lynx svært populær blant brukarar som har særlege krav til nettlesaren sin. Blinde bruker t.d. lynx, og les teksten med braille-skrift. Dessverre er det mange nettsider som ikkje blir laga med lynx i tankane. Sjølv om hyperlenkjer kan identifiserast med hjelp av symbol eller bilete lagra som gif-filer, kunne webutviklarane godt ha laga ein tekst-identifikator «under» den grafiske identifikatoren. Wikipedia sine sider er gode døme på ein nettstad som kan lesast både med lynx og med grafiske nettlesarar.

Lynx kan også brukast i kontekstar der ein loggar seg på maskiner via ssh, utan å få eit grafisk grensesnitt.

  1. «[Lynx-dev] ANN: lynx2.9.3». 27. mai 2026. Henta 27. mai 2026.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]