Nettroll

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Illustrasjon av eit nettroll.
Deltakarar på nettforum blir ofte oppmoda til å ikkje «mata trolla».

Nettroll viser til ulike former for uønskt oppførsel på Internett. Den opphavlege tydinga av ordet viste til folk som skriv feil eller provoserande ting for å få respons.[1]

Trolling i moderne engelsk viser til ein fiskemetode der ein sleper ein krok med påsett agn gjennom vatnet og venter på at noko skal bita på;[2] ein variant av fisketeknikken dorging. Før internettbruken blei trolling brukt som militærslang for det å lura fiendar til å bruka skyts på lokkemiddel i staden for verkelege mål.[3] Eit nettroll kan tilsvarande seiast å slenga ut eit åte, typisk eit upopulært synspunkt, og venta på at nokon tek det.

Etterkvart har nettroll-omgrepet fått ei vidare tyding, gjerne inspirert av troll frå skandinavisk folketru, eller av bruken av ordet troll om ein stygg eller ubehageleg person.[1] Det kan visa til folk som er kranglevorne eller plagsame, tilmed til personar som plager eller sjikanerer andre på Internett.[4][5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 troll, n.1. Oxford English Dictionary (Oxford University Press). 2006. Henta 29. januar 2017. ; troll, v. Oxford English Dictionary (Oxford University Press). 2006. Henta 29. januar 2017. 
  2. «troll». Merriam-Webster Online Dictionary. 2010. Henta 7 January 2010. 
  3. Pilotar frå US Navy i Vietnam snakka om «trolling for MiGs» i 1972 om bruk av «...decoys, with the mission of drawing...fire away...». John Saar (4 February 1972). «Carrier War». Life. 
  4. «Police charge alleged creator of Facebook hate page aimed at murder victim». The Courier Mail (Australia). 22 July 2010. Arkivert frå originalen 11. august 2011. Henta 27 July 2010. 
  5. Matt Toder (03/31/10), Trolling: The Today Show Explores the Dark Side of the Internet 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

«nettroll» i Store norske leksikon, snl.no.

Spire Denne teknologiartikkelen som har med samfunn å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.