Nettvenger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nettvenger


Gullauge
Gullauge

Systematikk
Rekkje: Arthropoda
Underrekkje: Hexapoda
Klasse: Insecta
Overorden: Neuropteroidea
Orden: Neuroptera
Vitskapleg namn
Neuroptera

Nettvenger (Neuroptera, tidlegare Planipennia) er ei orden insekt som vert kjenneteikna av særs velutvikla årenettverk i vengene sine. Til gruppa høyrer mellom anna gullaugo, maurløver, bladlusløver, middløver og svampfluger.

Ho omfattar 4 550 beskrivne artar på verdsbasis. 55 av desse er funne i Noreg.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Nettvenger har blaute kroppar utstyrt med to like par med sterkt nettmønstra venger dei heldt over kroppen som eit telt i kvilestilling. Munndelane er bitande/tyggande. Bakkroppen består av ti segment og manglar haletråder.

Nettvengene har fullstendig forvandling, og larvane har velutvikla bein. Somme artar har larvar med stikkande/sugande munndelar, medan andre berre bit. Dei skil ut silke gjennom anus frå dei malpighiske røyra når dei forpuppar seg. Eit spesielt trekk ved nettvengepuppar er at dei ofte har funksjonelle bein og mandiblar (eit slags ytre kjevar). Dei kan såleis bevega seg rundt, men utan å ta til seg føde.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Nettvengene er ei stor og kompleks gruppe, men dei har ein del fellestrekk. Dei vaksne insekta er som regel predatorar på andre insekt, typisk bladlus eller maur. Mange artar er difor viktige innanfor biologisk kontroll.

Systematikk[endre | endre wikiteksten]

Ein tenkjer seg at nettvengene høyrer til ordenen Neuropteroidea, saman med mudderfluger Megaloptera og kamelhalsfluger Raphidioptera.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]