Netvibes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Del av fyrstesida åt Netvibes.

Netvibes er ei fleirspråkeleg (også nynorsk), Ajax.basert, personalisert startside, lik iGoogle, My Yahoo og Microsoft Live. Ho er organisert med faner, der kvar fane inneheld brukardefinerte modular. Innebygde Netvibes-modular er: RSS/Atom-nyhendestraumlesar, lokale vêrmeldingar, ein kalender som støttar iCal, bokmerke, notat, hugselister, søk, del.icio.us, Meebo, Flickr-bilete og støtte for POP3- og IMP4-e-post, samt nett-e-posttilbydarar som GMail, Yahoo Mail, Hotmail og AOL Mail, Box Net-nettlagring. Ho har også podkaststøtte, med ein innebygd ljodspelar og fleire andre tenester. Ei side kan verte meir personalisert ved å nytte forskjellige tema, eller ein kan lage sitt eige. Fanene og modulane kan delast med andre over «Netvibes Ecosystem».