Netzer Sereni
| Netzer Sereni | |||
| kibbutz | |||
Beit Allenby | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Shephelah | ||
| Distrikt | Sentral | ||
| Kommune | Gezer | ||
| Koordinatar | 31°55′33.96″N 34°49′46.2″E / 31.9261000°N 34.829500°E | ||
| Folketal | 718 (2015) | ||
| Grunnlagd | 20. juni 1948 | ||
| • Grunnlagd av | Holocaust-overlevande | ||
| Tilhøyrsle | Kibbutzrørsla | ||
![]() Netzer Sereni 31°55′34″N 34°49′46″E / 31.9261°N 34.8295°E | |||
| Wikimedia Commons: Netzer Sereni | |||
Netzer Sereni (hebraisk skrift נֵצֶר סֶרֶנִי) er ein kibbutz sentralt i Israel. Han ligg i Shephelah mellom Be'er Ya'akov og Ness Ziona og høyrer til Gezer regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 534.
Historie
[endre | endre wikiteksten]
Kibbutzen Netzer Sereni vart grunnlagd i 1948 av 120 medlemmar frå kibbutzen Givat Brenner, som delte seg av ideologiske årsaker.[1] Kibbutzen vart kalla Netzer Sereni etter Enzo Sereni, ein jødiske-italiensk sionistleiar og offiser i Den jødiske brigaden. Sereni var ein av grunnleggjarane av Givat Brenner. Han hoppa i fallskjerm inn i det Nazi-okkuperte Italia under andre verdskrigen, men vart teken til fange så snart han landa av tyskarane, og avretta i Dachau konsentrasjonsleir.[1]
Kibbutz Netzer Sereni vart grunnlagd av Holocaust-overlevande. Han vart først kalla kibbutz Buchenwald etter konsentrasjonsleiren, der mange av innbyggjarane hadde sete. Namnet vart sidan endra til Netzer av Buchenwald-medlemmar. I 1955 vart det eit skilje mellom to arbeidarparti, Mapam og Mapai. Mapai-medlemmar frå kibbutz Givat Brenner flytta til kibbutzen Netzer og la til namnet Sereni.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Netzer Sereni» frå Wikipedia på engelsk, den 26. juli 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:


