Neu! av Neu!

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Neu!
Studioalbum av Neu!
Utgjeve 1972
Innspelt Desember 1971
Sjanger Krautrock, elektronisk musikk, lydlandskap,[1] industriell,[1] støymusikk[2]
Lengd 45:51
Selskap Brain Records
Polygram Records (1972 LP)
Grönland
Astralwerks / EMI (2001 CD)
Produsent Conny Plank, Neu!
Neu!-kronologi
Neu! Neu! 2
(1973)


Neu! er debutalbumet til krautrockbandet Neu!.

Det vart spelt inn i desember 1971 ved Windrose-Dumont-Time Studios i Hamburg i Tyskland, og miksa ved Star-Musik Studio i Hamburg. Det kom ut i 1972 på Brain Records. I 2001 vart albumet gjeve ut på CD på Grönland Records med lisens til Astralwerks i USA. Dette var den første innspelinga til Rother & Dinger etter at dei slutta i Kraftwerk i 1971. Dei heldt fram å arbeide med Conny Plank, som hadde produsert innspelingane til Kraftwerk.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Etter å ha slutta i Kraftwerk, gjekk Rother og Dinger raskt i gang med innspelinga til det som skulle bli Neu!. Bandet vart døypt «Neu!» av Dinger (Rother hadde vore i mot namnet og føretrekte eit meir «organisk» namn) og skapte ein pop-art-aktig logo med namnet i store bokstava: NEU!

Paret arbeidde i Star Studios i Hamburg med krautrockprodusenten Konrad «Conny» Plank, som Dinger hadde gjort med Kraftwerk. Dinger skildra Conny som ein «meklar» mellom dei ofte ulike musikalske retningane dei to bandmedlemmane tok. Bandet reserverte studioet fire dagar seint i 1971, og dei første to dagane var lite produktive, fram til Dinger tok med seg kotoen sin, og ein særs handsama versjon av instrumentet kan høyrast på «Negativland», den første av seks spor til albumet som vart spelt inn.

Det var under desse innspelingane at Dinger første gong spelte den kjende «motorik-rytmen». To av songane på albumet, «Hallogallo» og «Negativland», vert framført med denne Motorik-rytmen. Motorik er ein gjentakande trommerytme i 4/4-takt og berre få avbrot, kanskje mest tydeleg på «Hallogallo». Dinger hevdar han aldri kalla rytmen motorik sjølv, og føretrekte heller «lange gerade» («lang rettstrekning») eller «endlose gerade» («endelaus rettstrekning»). Han endra seinare «namnet» på rytmen til «Apache-rytme».

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[1]
Piero Scaruffi9/10 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[3]
Pitchfork Media(9.7/10)[2]

Neu! selde bra for å vere eit undergrunnsalbum då det kom ut, og i følgje Dinger selde det kring 30 000 eksemplar.


Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Hallogallo» (Ordspel på «Halligalli», eit tysk slanguttrykk for «vill festing».)10:07
2.«Sonderangebot»4:51
3.«Weissensee»6:46
Side to - Jahresübersicht
Nr.TittelLengd
4.«Jahresübersicht (Part ein): Im Glück»6:53
5.«Jahresübersicht (Part to): Negativland»9:47
6.«Jahresübersicht (Part tre): Lieber Honig»7:18

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Bandmedlemmar
Andre medverkande

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Jurek, Thom. «Neu!». Allmusic. Rovi Corporation. Henta 6. april 2013. 
  2. 2,0 2,1 Sirota, Brent S. «Review: Neu! - Neu!». Pitchfork Media Inc. Henta 6. april 2013. 
  3. Scaruffi, Piero. «Neu!». Piero Scaruffi. Henta 6. april 2013.