Neu-Ulm
Neu-Ulm | |||
by | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Stat | Bayern | ||
Region | Schwaben | ||
Landkreis | Neu-Ulm | ||
Del av | Stimmkreis Neu-Ulm | ||
Høgd | 470–527 m | ||
Areal | 80,99 km² | ||
Folketal | 61 780 (31. desember 2023) | ||
Grunnlagd | 1810 | ||
Postnummer | 89201–89233 | ||
Retningsnummer | 0731, 07307, 07308 | ||
Bilnummer | NU | ||
![]() Neu-Ulm 48°23′00″N 10°00′00″E / 48.383333333333°N 10°E | |||
Wikimedia Commons: Neu-Ulm |
Neu-Ulm er ein by i Tyskland i delstaten Bayern med om lag 60 000 innbyggjarar. Han ligg ved den høgre breidda av Donau i Schwaben med Ulm på den andre sida av elva. Byen oppstod då grensa mellom Bayern og Württemberg vart dradd langs Donau og Ulm vart delt i to. Andre nabobyar er Senden, Pfaffenhofen an der Roth, Holzheim, Nersingen og Elchingen.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Den moderne historia til Neu-Ulm byrja då Ulm vart delt mellom Kongedømet Bayern og Kongedømet Württemberg i 1810. Donau vart grensa mellom desse kongedøma, og landområda på høgresida av elva vart ein del av Bayern. Dette var starten for Neu-Ulm som ein sjølvstendig by.
På denne tida var Neu-Ulm svært liten med berre eit par hus, vertshus og landsbyen Offenhausen. Han vart framleis kalla «Ulm am rechten Donauufer» (Ulm på høgresida av Donau). Namnet Neu-Ulm vart først nemnd i 1814. Byen byrja først vekse i 1841, då Frankfurter Bundesversammlung annonserte at dei ville byggje festninga Bundesfestung.

Etter ønske frå Kong Ludwig I vart Neu-Ulm ein del av festninga. Etter at Neu-Ulm vart knytt til jernbanelinja til Augsburg i 1853, kom soldatar til byen, og det vart oppretta ein garnison her.
Byen byrja først å bløme under borgarmeister Josef Kollmann mot slutten av 1800-talet. Ei trikkelinje mellom Ulm og Neu-Ulm vart bygd i 1897, og i 1900 vart vasstårnet (som framleis er eit landemerke) bygd. I 1906 byrja ein å utvide Neu-Ulm utanfor bymurane. Dei første fabrikkane vart bygd, og byen heldt fram med å verte utvida.
Etter den første verdskrigen vart garnisonen nedlagd. Folketalet og velstanden voks, og han vart ein rik by. Den andre verdskrigen råka derimot byen hardt, og om lag 80 % av bygningane vart øydelagd under allierte bombetokt. Alle bruene over Donau mellom dei to byane vart øydelagd.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Neu-Ulm» frå Wikipedia på engelsk, den 14. juli 2007.