Neuchâtel
| Neuchâtel | |||
|---|---|---|---|
| |||
| Plassering | |||
| Styresmakter | |||
| Land | |||
| Kanton | kantonen Neuchâtel | ||
| Distrikt | Neuchâtel | ||
| Språk | fransk | ||
| Borgarmeister | Antoine Grandjean | ||
| Geografi | |||
| Flatevidd - kommune |
18,05 km² | ||
| Innbyggjarar - kommune (desember 2010) - folketettleik |
32 973 1 826,8 /km² | ||
| Koordinatar | 46°59.51′0″N 6°55.86′0″E / 46.99183°N 6.93100°E | ||
| Høgd over havet | 430 moh. | ||
| Diverse annan informasjon | |||
| Postnummer | 2000 | ||
| Nettstad: www.neuchatelville.ch | |||
Neuchâtel (tysk Neuenburg) er hovudstaden i den sveitsiske kantonen Neuchâtel ved Neuchâtelsjøen. Byen har 32 973 innbyggjarar (2010) og eit areal på 18 km². Byen ligg 430 meter over havet. Det store fleirtalet i byen har fransk morsmål.
Byen Neuchâtel ligg ved nordvestbreidda av Neuchâtelsjøen ved utløpet til elva Seyon, nokre kilometer aust for Peseux og vest for Saint-Blaise. Namnet Neuchâtel tyder «Nyslott» på norsk.
Neuchâtel universitet er frå 1909, og i tillegg er her handelshøgskule og andre høgskular. Byen har fleire museum og vitskaplege samlingar. Centre Dürrenmatt, som vart innvigd i 2000, presenterer Friedrich Dürrenmatt som forfattar, målar og teiknar. Notre Dame-kyrkja i byen er frå 1100–1200-talet. Neuchâtel slott var bustaden for tidlegare grevar og fyrstar av Neuchâtel. Dei eldste delane er frå 1100-talet og slottet husar no kantonadministrasjonen.
Byen vart grunnlagd på 1000-talet og fekk byrettar i 1214.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Delar av denne artikkelen bygger på «Neuchâtel» frå Wikipedia på engelsk, den 12. august 2011.
- Neuchâtel – by. I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/Neuch%C3%A2tel/by
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell nettstad Arkivert 2007-10-29 ved Wayback Machine.
