Den nye saklegdomen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Neue Sachlichkeit)
Intet nytt fra Vestfronten av Erich Maria Remarque er med skildringa av den råe og mekaniske skyttargravskrigen eit godt døme på Den nye saklegdomen. På biletet den tyske førsteutgåva frå 1929.

Den nye saklegdomen, på tysk Neue Sachlichkeit, var ei kunstretning på 1920-talet med tyngdepunkt i Tyskland.

I målarkunsten var retninga ein reaksjon mot ekspresjonismen og ville føre målarkunsten attende til verkelegheita gjennom ei skarp iakttaking av objektet, ein tydeleg teiknemåte og ei særs fast biletoppbygging. Dei mest kjende målarane som som var knytt til retninga er George Grosz, Otto Dix og Max Beckmann. I biletkunsten kan retninga vurderast som ein mindre utbyterik parallell til den franske surrealismen. Kring 1930 var ho ikkje lenger viktig, men hadde påverka norske målarar som til dømes Leon Aurdal, Otto Sverdrup, Henrik Finne, Rolf Rude og Ridley Borchgrevink.

Den litterære saklegdomen var òg ein reaksjon mot ekspresjonismen, og forfattarane som trådde fram mot slutten av 1920-talet sette fokus på sosiale mistilhøve på ein realistisk måte. Av forfattarar som sokna til denne retninga kan ein nemne Erich Maria Remarque, Bertolt Brecht, Erich Kästner og Hans Fallada. Etter NSDAP si maktovertaking i 1933 måtte mange av dei saklege forfattarane rømme landet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Neue_Sachlichkeit» i Store norske leksikon, snl.no.