Neue Synagoge i Berlin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Neue Synagoge)
Neue Synagoge

Neue Synagoge (den nye synagogen) er ein stor synagoge i Oranienburger Straße i bydelen Mitte i Berlin. Han vart bygd mellom 1859 og 1866 som hovudsynagoge for jødane i Berlin. Med sin praktfulle orientalsk-mauriske stil med inspirasjon frå Alhambra er Neue Synagoge eit viktig arkitektonisk verk frå midten av 1800-talet i Berlin.

Utkastet til bygningen vart utarbeidd av Eduard Knoblauch, da han vart sjuk, tok Friedrich August Stüler over arbeidet med bygningen og utførte dei indre romma.

Bygning[endre | endre wikiteksten]

Fasaden mot Oranierburger Straße er rikt arrangert med formsteinar og terrakotta, aksentuert med farga glasursteinar og eit lett tilbaketrekt inngangsparti. Blikkfang er kuppelen, flankert av to små paviljongliknande kuppeltårn på sidefløyene. Attom fasaden var vestibylen og hovudsalen med plass til 3000 menneske. Bygningen er òg eit viktig minnesmerke frå tidleg jarnbygging; det nye byggstoffet jarn er tydeleg synleg i form av jarnsøyler og er òg bruka i kuppelkonstruksjonen og i den tapte golvstrukturen i hovudsalen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Under rikskrystallnatta i 1938 vart synagogen stukken i brann, men brannen vart sløkt. Bygningen var på dette tidspunktet allereie freda og unngjekk dermed meir øydelegging. I 1943 vart han sterkt skada av bomber. Hovudbygningen er bevart, og er vorte omdanna til Centrum Judaicum, men blir ikkje lenger bruka som synagoge.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]