Neumayer Channel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Neumayer Channel
sund
Neumayer Channel
Land  Antarktis
Stad Graham Land
 - koordinatar 64°47′S 63°8′W / 64.783°S 63.133°W / -64.783; -63.133
Lengd 26 km
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Neumayer Channel
64°47′26″S 63°08′21″W / 64.7906°S 63.1392°W / -64.7906; -63.1392
Neumayer Channel is located in Antarktis
Neumayer Channel (Antarktis)
Wikimedia Commons: Neumayer Channel

Neumayer Channel er eit sund i Antarktis som er 26 km langt frå nordaust til sørvest og kring 2,5 km breitt, og skil Île Anvers frå Wiencke Island og Île Doumer i Antarktiske Arkipel. Det sørvestlege innløpet til sundet vart oppdaga av Eduard Dallmann, leiaren for den tyske ekspedisjonen til området i 1873-74, og han namngav det Roosen Channel. Belgica-ekspedisjonen, 1897–99, under Gerlache, segla gjennom sundet og kalla det opp etter Georg von Neumayer. Det andre namnet har blitt ståande som det godkjende.

Neumayer Channel er kjend for dei majestetiske klippene og mange turistar kjem til området. Fordi sundet har ei S-form, som snor seg mellom fjella, ser det ikkje ut som det er noko utgang i andre enden. I begge endar av sundet er innløpa skjult bak skarpe svingar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Neumayer Channel» (innhald frå Geographic Names Information System).