Neuschwanstein

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Neuschwanstein sett frå Marienbrücke.

Neuschwanstein slott (tysk Schloß Neuschwanstein, 'nye svanestein slott') ligg i Tyskland, nær Hohenschwangau og Füssen i Sørvest-Bayern, ikkje langt frå den austerrikske grensa. Det er ein av dei mest fotograferte bygningane i Tyskland, og er eit populært turistmål.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ludwig II, konge over Bayern, var mannen bak slottet. Før han tok til, skreiv han til Richard Wagner, som han ovundra høgt:

«Det er intensjonen min å byggje opp att den gamle ruinen Hohenschwangau nær Pöllatjuvet i den same stilen som slotta til dei tyske riddarane, og eg må vedgå til deg at eg ser veldig fram til å bu der ein dag (om ein tre års tid). Det vil bli fleire koselege gjesterom ein kan bu i, og med ei fantastisk utsikt over det fornemme Säuling, Tyrol-fjella og vidt over slettene: de veit det, æra gjester eg gjerne vil ha buande der; plassen er ein av dei mest nydelege som finst, heilag og utilgjengeleg, eit verdig tempel for den guddomelege venen som har bringa frelse og ekte velsigning til verda. Det vil òg minne dykk om 'Tannhäuser' (songhallen, med ei utsikt over slottet i bakgrunnen), 'Lohengrin' (slottsgarden, opne korridorar, stig til kapellet); dette slottet vil på alle måtar bli meir nydeleg og betre å bu i enn Hohenschwangau lenger nede, som blir vanhelga kvart år av prosaen frå mi mor; det kjem til å ta hemn, det vanhelga godset, og kome å bu med oss i dei opphøgde høgdene våre, og puste i lufta frå himmelen.» [treng kjelde]

Grunnsteinen til Neuschwanstein vart lagd den 5 september 1869, inngangspartiet vart bygd fyrst, og Ludwig II budde der i fleire år. Då Ludwig II døydde i 1886, var Neuschwanstein enno ikkje ferdig, arbeidet stogga mest opp, og ikkje før i 1891 vart ein enklare versjon av den øvste gardsplassen ferdig. Det fullførte Neuschwanstein har 360 rom, der berre 14 vart ferdige før Ludwig II døydde.

Eit bilete av slottet frå 1890-åra.

I dag[endre | endre wikiteksten]

Sju veker etter at Ludwig II døydde i 1886 vart Neuschwanstein opna for ålmenta. Den folkesky kongen hadde bygd slottet for å trekkje seg attende frå det offentlege livet, og no kom store folkemengder for å sjå den private tilfluktsstaden hans.

Kvart år gjestar over 1,3 millionar menneske Neuschwanstein, og om lag 6000 personar kjem kvar dag om sumaren for å sjå romma der «eventyrkongen» budde. Slottet var ein inspirasjon for «torneroseslottet» i Disneyland.

Slottet er ått av staten Bayern. Sidan 1990 har staten brukt rundt 11,2 millionar euro på renovasjon og vedlikehald av slottet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]