Mismi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Nevado Mismi)
Mismi
fjell
Mismi sett frå søraust.
Land  Peru
Region Arequipa
Fjellkjede Chila
Kart
Mismi
15°31′31″S 71°41′27″W / 15.525277777778°S 71.690833333333°W / -15.525277777778; -71.690833333333
Wikimedia Commons: Mismi

Mismi er ein 5597 meter høg fjelltopp av vulkansk opphav i Chila-fjellkjeda i Andesfjella i Peru. I 1996 kom det framlegg om ein isbre på Mismi som den fjernaste kjelda til Amazonaselva; dette vart stadfesta i 2001 og igjen i 2007. Men påstanden har seinare vorte utfordra med tre andre stader i Peru som mogleg fjernaste kjelde til Amazonas, avhengig av definisjonen av «kjelde».[1] Vatn frå Mismi renn inn i mindre elver som renn ut i Apurímac-elva. Apurímac er ei sideelv til Ucayali som seinare sluttar seg til Marañón sørvest for byen Iquitos for å danne sjølve Amazonas.

Mismi ligg omtrent 160 km vest for Titicaca-sjøen og 700 km søraust for den peruanske hovudstaden, Lima, i Arequipa-regionen. Det er eit av dei høgaste punkta ved Colca-dalen. Det er fleire isbrear på toppen.

Ein ekspedisjon finansiert av National Geographic Society i 2001 oppdaga at Qarwasanta-elva som renn inn i Apurímac-elva har opphavet sitt i dei nordlege skråningane av fjellet. Brasilianske forskarar stadfesta i 2007 at fødevatnet til Apurímac-elva er ei kjelde til Amazonas-elva og peika på Mismi som den mest sannsynlege fjernaste kjelda til Amazonas, noko som gjer Amazonas til eit lengre vassdrag enn Nilen.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Contos, James; Nicholas Tripcevich. «Correct placement of the most distant source of the Amazon River in the Mantaro River drainage». Area 46 (1): 27–39. doi:10.1111/area.12069. 
  2. «Amazon river 'longer than Nile'». BBC News. 16. juni 2007. Henta 26. desember 2022. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Mismi