Nevado del Ruiz

Koordinatar: 4°53′43″N 75°19′21″W / 4.89528°N 75.32250°W / 4.89528; -75.32250
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nevado del Ruiz
fjell
Bilete tatt to veker etter utbrotet i 1985
Foto: N. Banks, USGS
Land  Colombia
Fjelltype Stratovulkan
Fjellkjede Andesfjella
Høgd 5 321[1] moh.
Siste utbrot 13. november 1985
Koordinatar 4°53′43″N 75°19′21″W / 4.89528°N 75.32250°W / 4.89528; -75.32250
Kart
Nevado del Ruiz
4°53′33″N 75°19′25″W / 4.8925°N 75.323611111111°W / 4.8925; -75.323611111111
Wikimedia Commons: Nevado del Ruiz

Nevado del Ruiz (spansk uttale [neβaðo ðel ˈrwis]), òg kjent som Cumanday på språket til urfolket,[1] er ein vulkan i det andinske vulkanbeltet i Colombia med eit toppunkt på over 5300 moh.[2] Han ligg på grensa mellom departementa Caldas og Tolima, omtrent 129 kilometer vest for hovudstaden Bogotá. Det er ein stratovulkan som består av mange lag lava som alternerer med herda vulkansk oske og andre pyroklastiske bergartar. Nevado del Ruiz har vore aktiv i ca. to millionar år sidan tidleg pleistocen eller sein pliocen, med tre store eruptive periodar. Den vulkanske kjegla ein ser i dag vart danna i løpet av noverande utbrotsperiode, som byrja 150 tusen år tilbake i tid.

Nevado del Ruiz, del av vulkansida i 2011
Foto: Daniel Echeverri

Vulkanen genererer vanlegvis utbrot med snøgt flytande straumar av varm gass og faste partiklar eller steinar kalla pyroklastisk straumar. Desse utbrota valdar ofte massive gjørmeskred, laharar, som utgjer trugsmål mot menneske og miljø. Verknaden av eit slikt utbrot aukar sidan den varme gassen og lava smeltar snø og is på vulkansida, og blandar store mengder vatn inn i straummassen. Den 13. november 1985 utløyste eit lite utbrot ein enorm lahar som gravlagde og øydela byen Armero i Tolima. Talet på omkomne blei estimert til 25 000. Denne hendinga vart seinare kjend som Armero-tragedien - den mest dødelege laharen i historisk tid. Liknande, men mindre døyelege hendingar skjedde i 1595 og 1845, beståande av små eksplosive utbrot etterfølgt av ein stor lahar. Vulkanen er ein del av Los Nevados nasjonalpark, som òg inneheld fleire andre vulkanar. Toppen av Nevado del Ruiz er dekt av isbrear. Vulkanen held fram å utgjera eit trugsmål mot dei nærliggande byane og landsbyane, og det er anslått at opptil 500 000 menneske bur i ein risikosone og kan vere i fare ved framtidige utbrot.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 www.geoenciclopedia.com Volcán Nevado del Ruiz Características Henta 12. januar 2019
  2. «Nevado del Ruiz volcano updates:». www.volcanodiscovery.com. Henta 12. januar 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Nevado del Ruiz