Nevado del Tolima

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nevado del Tolima
fjell
Foto: Pablo Andrés Ortega Chávez
Land  Colombia
Fjellkjede Andesfjella
Høgd 5 215 moh.
Koordinatar 04°39′30″N 75°19′46″W / 4.65833°N 75.32944°W / 4.65833; -75.32944
Kart
Nevado del Tolima
4°40′00″N 75°20′00″W / 4.6666666666667°N 75.333333333333°W / 4.6666666666667; -75.333333333333
Wikimedia Commons: Nevado del Tolima

Nevado del Tolima er ein stratovulkan i det andinske vulkanbeltet i Colombia. Han har vore aktiv frå sein pleistocen til i dag. Vulkanen ligg sør for Nevado del Ruiz, innanfor Los Nevados nasjonalpark og innanfor Tolima-departementet. Toppunktet er 5215[1] moh.

Det siste store utbrotet skjedde for rundt 3600 år sidan, og den siste aktiviteten er datert til 1943.

Geografi, geologi og utbrotshistorie[endre | endre wikiteksten]

Profilen til den bratte, isdekte Nevado del Tolima-vulkanen står i kontrast til den breie og flatare naboen Nevado del Ruiz i nord. Denne unge vulkanen er danna gjennom dei siste 40 000 åra, han reiser seg over og skjuler i stor grad ein 3 kilometer vid pleidocene-kaldera. Vulkanen er ei klynge av ein sein pleistocen til holocen lavadom som er forbunden med tjukke blokk-lavastraumar på dei nordlege og austlege flankane, og omfattande avsettingar av pyroklastiske straumar. Toppen inneheld eit traktforma krater som er 200 til 300 meter djupt. Holocene-aktivitet har inkludert eksplosive utbrot med varierande storleik. Det siste store utbrotet fann stad for rundt 3600 år sidan. Veksten på lavadomen har produsert straumar av blokker og oske som primært tok vegen mot nordaust og søraust. Bergartane er andesittisk-dacittiske.

Den snødekte Nevado del Tolima, med sin nesten symmetriske struktur, har eit radialt dreneringsmønster i den øvre delen. Frå den attverande isbreen på toppen av fjellet straumer elvene Totare, San Romualdo, Toche og Combeima. Sistnemnde er den viktigaste vasskjelda til Ibagué kommune. Vatnet frå vulkanen drenerer inn i den austlege skråninga av den sentrale fjellkjeda av Andes, og lauper ut i Magdalenaelva.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Mountain Forecast Nevado del Tolima Henta 16. februar 2019

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Nevado del Tolima