Neve Harif

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Neve Harif
נְוֵה חָרִיף
landsby
NeveHarif2.jpg
Land Flag of Israel.svg Israel
Region Arabah
Distrikt Det sørlege distriktet
Kommune Hevel Eilot
Koordinatar 30°2′11.4″N 35°2′19.31″E
Folketal 127 (2008)
Grunnlagd 1983
Tilhøyrsle Kibbutzrørsla
Map
Neve Harif
30° N 35° E
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Neve Harif

Neve Harif (hebraisk skrift נְוֵה חָרִיף) er ein kibbutz sør i Israel. Han ligg i Arabahdalen nær Eilat og høyrer til Hevel Eilot regionale kommune. I 2008 hadde han 127 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kibbutzen vart grunnlagd i 1983 av bybuarar som ønskte å opprette ein kibbutz som kunne kombinere kibbutz-ideologien med ein moderne livsstil. Samfunnet vart grunnlagd på ein mellombels stad kalla Shitim, og flytta til den noverande staden eit år seinare. Kibbutzen heitte opphavleg Avida (hebraisk skrift אבידע) basert på plasseringa, men vart omdøypt til Neve Harif til ære for Knesset-medlemmet og kibbutzaktivisten Moshe Harif, som omkom i ei bilulukke i 1982.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]