Neve Ilan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Neve Ilan
landsby
Namneopphav: Ilanoasen
Land  Israel
Region Jerusalemkorridoren
Distrikt Jerusalem distrikt
Kommune Mateh Yehuda
Koordinatar 31°48′30.23″N 35°4′45.48″E
Folketal 996 (2021)[1]
Grunnlagd oktober 1946 (som ein kibbutz)
1971 (som ein moshav)
 - Grunnlagd av Immigrantar frå Europa
Tilhøyrsle Kibbutzrørsla
Kart
Neve Ilan
31°48′30″ N 35°4′46″ E
Wikimedia Commons: Neve Ilan
Nettstad: www.neve-ilan.co.il

Neve Ilan (hebraisk נְוֵה אִילָן) er ein moshav shitufi sentralt i Israel. Han ligg vest for Jerusalem i Mateh Yehuda regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 319. Han var tidlegare ein kibbutz, og er framleis eit medlem av Kibbutzrørsla trass i at statusen er endra til ein moshav.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kibbutz[endre | endre wikiteksten]

Landområdet som Neve Ilan ligg på vart kjøpt av Jewish National Fund frå arabisk effendi frå Abu Ghosh etter at David Ben-Gurion bad om å få oppretta ein «kibbutz hærstilling» for å forsvare Jerusalemvegen.

Dei første 31 innbyggjarane var hovudsakleg frå Frankrike og Europa. Etter ein kort periode i Hadera flytta dei til Neve Ilan i oktober 1946. Busetnaden vart først grunnlagd som ei militær stilling med bunkerar og ammunisjonslager, og innbyggjarane budde i telt, og seinare i to hytter.

Under kampane om vegen til Jerusalem, vart det sett opp ein generator og kantbelysning kring kibbutzen, for å kunne hevde at det låg ein jødisk busetnad der. I starten av den arabisk-israelske krigen i 1948 seint i mai 1948, bomba den jordanske legionen, som var basert i Yalo, Neve Ilan, og førte til store øydeleggingar.

Etter Operasjon Nachshon og kampane om vegen til Jerusalem var over, byrja nybyggjarane å byggje i Neve Ilan. Nybyggjarar frå Frankrike og Algerie slutta seg til dei første nybyggjarane.

I 1956 vart kibbutzen fråflytta, på grunn av økonomiske og sosiale problem.

Moshav[endre | endre wikiteksten]

Seint i 1960-åra sende Young Judeans i Amerika ei gruppe for å opprette ein industrilandsby i Israel. Medlemmane kom tidleg i 1970 og flytta inn heimar bygd av Jewish Agency, og landsbyen vart busett på ny som moshav i 1971.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://www.cbs.gov.il/he/publications/doclib/2019/ishuvim/bycode2021.xlsx.