Neve Shalom–Wahat al-Salam

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Neve Shalom
נְוֵה שָׁלוֹם, واحة السلام
landsby
Utsyn over landsby
Namneopphav: Fredsoasen
Land  Israel
Distrikt Jerusalem distrikt
Kommune Mateh Yehuda
Koordinatar 31°49′4″N 34°58′47″E
Folketal 236  (2011)
Grunnlagd 1969
Kart
Neve Shalom–Wahat al-Salam
31°49′4″ N 34°58′47″ E
Wikimedia Commons: Neve Shalom
Nettstad: nswas.org

Neve Shalom (hebraisk נְוֵה שָׁלוֹם), òg kalla Wāħat as-Salām (arabisk واحة السلام)[1] er ein landsby grunnlagd av israelske jødar og palestinsk-israelske arabarar i eit forsøk på å syne at dei to gruppene kunne leve side om side i fred, i tillegg til å lære bort fredsarbeid. Landsbyen ligg på ein av to åstoppar i Latrun oppom Ayalondalen,[2] midtvegs mellom Tel Aviv og Jerusalem. Han høyrer til Mateh Yehuda regionale kommune og hadde i 2011 eit folketal på 236.[3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Namnet Neve shalom er henta frå [ Jesaja 32:18]: «Mitt folk skal bu på ein fredeleg buplass.»[4]

Neve Shalom

Landsbyen vart skapt av Bruno Hussar. Han var fødd i Egypt av ikkje-praktiserande jødar og konverterte til kristendom medan han studerte i Frankrike. Her var han vitje til antisemittismen i Frankrike under verdskrigen.[5] Han gjekk inn i dominikanarordenen og vart prest i 1950. Han vart send til Jerusalem for å opprette eit senter for jødiske studiar i 1953 og fekk israelsk borgarskap i 1966. I 1970 fekk han takt i førti hektar[6]) jord, klassifisert som ingemannsland i Latrun.[7] Området var audt, utan tre og vatn og dekt med buskar, og hadde ikkje vore dyrka sidan bysantinsk tid.[8] Han fekk fleire utlendingar med seg, men etter to månader var få att, utanom Anne LeMeignon som slo seg ned i ei hytte og vart verande.[9]

Hussar såg for seg eit prosjekt der folk skulle leve saman med gjensidig respekt for kvarandre, samstundes som ein bevarte kulturarva, språket og identiteten sin. Samstundes skulle samfunnet fungere som ein fredsskule der folk frå heile landet skulle lære og lytte til kvarandre.[10]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Halabi & Zak 2004, s. 125.
  2. Feuerverger 2001, s. 1
  3. ICBS 2010
  4. Gavron 2008, s. 57–72.
  5. Gavron 2008, s. 58.
  6. Montville 1998, s. 21.
  7. Gavron 2006, s. 58.
  8. Feuerverger 2001, s. 121–123.
  9. Gavron 2008, s. 59.
  10. Feuerverger 2001, s. xv, 124.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]