Nevelfjell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nevelfjell
Land  Noreg
Fylke Innlandet
Kommune Lillehammer, Øyer
Kart
Nevelfjell
61°12′00″N 10°35′00″E / 61.2°N 10.58333333°E / 61.2; 10.58333333

Nevelfjell er eit fjell på 1089 moh. på grensa mellom kommunane Øyer og Lillehammer i Innlandet fylke. Sjølve toppen, 1089 moh., ligg derimot heilt inne i Lillehammer kommune. Nedanfor fjellet ligg Nevelåsen og Nevelvatnet (904 moh.) og på toppen ligg Røde Kors-hytta Nevelhytta.

Toppen er eit flott utsiktpunkt med utsikt over Rondane og Mjøsa, og han er utstyrt med ein orienteringsplate for å lokalisere fjelltoppar rundt heile horisonten. Fleire turvegar og skiløyper mellom Pellestova i Øyer og Nordseter i Lillehammer passerer over denne toppen.

Fjellet er nemnd for første gong i 1775 («Nevel-Fiæld»), og forleddet er visstnok det norrøne ordet knefill, 'tømmerstokk'.