Nevena Božović

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nevena Božović

Fødd15. juni 1994 (29 år)
FødestadMitrovica
FødenamnНевена Божовић
OpphavSerbia
Aktiv2007–
Sjangerpop
Instrumentvokal
Verka somsongar

Nevena Božović (fødd 15. juni 1994) er ein serbisk songar og låtskrivar. Ho debuterte musikalsk som 13-åring, då ho representerte Serbia i Junior Eurovision Song Contest 2007 med songen «Piši mi». Božović fekk likevel sitt store gjennombrot då ho vart nummer to i den TV-sende talenttevlinga Prvi glas Srbije i 2012–2013.

I 2013 var ho ein del av gruppa Moje 3 som representerte Serbia i Eurovision Song Contest 2013 med songen «Ljubav je svuda», men trioen vart slått ut i semifinalen. Božović representerte Serbia på ny i Eurovision Song Contest 2019, som soloartist med songen «Kruna». Ho var med det den første deltakaren som hadde delteke i både Eurovision Song Contest og Junior Eurovision Song Contest som soloartist.[1][2]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Božović vart fødd og vaks opp i Mitrovica i dåverande FR Jugoslavia, i dag ein del av Kosovo. Ho studerte musikk ved Kunstuniversitetet i Beograd.[3]

I 2007 deltok Božović i songtevlinga Izbor za dečju pesmu Evrovizije, den serbiske finalen til Junior Eurovision Song Contest. Ho vann tevlinga med songen «Piši mi» (skriv til meg), og fekk dimed representere Serbia i den internasjonale finalen i Rotterdam i Nederland. Der enda ho på ein tredjeplass, noko som er den beste plasseringa til Serbia i tevlinga.[4][5]

I 2012 deltok ho i den serbiske versjonen av The Voice og vart nummer to, berre slått av Mirna Radulović. Året etter utgjorde ho gruppa Moje 3, saman med Mirna Radulović og Sara Jovanović. Gruppa vann songtevlinga Beosong 2013 med songen «Ljubav je Svuda» ('kjærleiken er overalt'). Trioen fekk dimed representere Serbia i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö.[6] Der enda dei på ein ellevteplass i sin semifinale og kvalifiserte seg ikkje til finalen.

I juli 2013 gav ho ut ein ny singel, «Pogledaj me» ('sjå på meg'). Ho var òg ein av fagdommerne i den serbiske juryen i Eurovision Song Contest 2015 i Wien. I 2019 fekk ho prisen for årets alternativ-/elektropop-song under den serbiske prisutdelingen Music Awards Ceremony for låten «Jasno mi je» ('det er opplagt for meg'). Same år deltok ho i Beovizija med songen «Kruna» ('krone'). Ho vann tevlinga og representerte dimed Serbia i Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv.[7]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • 2007 — «Piši mi»
  • 2009 — «Ti»
  • 2013 — «Ljubav je svuda» (som del av gruppen Moje 3)
  • 2013 — «Pogledaj me»
  • 2013 — «Znam da noćas gubim te»
  • 2014 — «Bal»
  • 2015 — «Trebam tebe»
  • 2016 — «Čujem da dolaziš u grad»
  • 2016 — «Siesta»
  • 2017 — «Jasno mi je»
  • 2017 — «Dangerous Drug»
  • 2019 — «Kruna»

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Serbia: Moje 3 [Interview] | escXtra». Arkivert frå originalen 25. april 2013. Henta 25. mars 2013.  Arkivert 25. april 2013 på Wayback Machine.
  2. Benny Royston (3. mars 2019). «Nevena Božović to sing for Serbia in Tel Aviv after winning Beovizija». eurovision.tv. EBU. Henta 4. mars 2019. 
  3. «Blic Online | Nevena već favorit u "Prvom glasu"». Henta 26. mars 2013. 
  4. «Nevena Božović - Eurovision Song Contest Rotterdam 2007». Henta 4. mars 2019. 
  5. «Serbia in the Eurovision Song Contest». EBU. Henta 4. mars 2019. 
  6. «Moje 3 to represent Serbia! | News | Eurovision Song Contest - Malmö 2013». Henta 3. mars 2013. 
  7. «Beovizija 2019: Nevena Božović will represent Serbia at this years Eurovision Song Contest». Eurovisionary. 3. mars 2019. Henta 3. mars 2019.