Neverdokument 292

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Neverdokument 292

Neveradokument 292 er det eldste kjende dokumentet skrive på eit språk innanfor den austersjøfinske språkfamilien. Dokumentet er frå byrjinga av 1200-talet. Det vart funne ved utgravingar i 1957 i byen Novgorod av ein sovjetisk ekspedisjon leia av Artemij Artsitsjovskij.[1]

Språket som vert nytta i dokumentet var sannsynlegvis ei gammal form av det språket som vart prata i Olonets-området i russiske Karelen, nærare bestemt ein dialekt av karelsk.[2]

Transkripsjon[endre | endre wikiteksten]

Teksta er skriven med det kyrilliske alfabetet, språket er ein karelsk dialekt av eit austersjøfinsk språk. Ein transkripsjon av den kyrilliske teksta ser slik ut:

Sjølve dokumentet:

Avskrift av dokumentet

Transkripsjon:

юмолануолиїнимижи
ноулисѣханолиомобоу
юмоласоудьнииохови

Ulike tolkingsframlegg[endre | endre wikiteksten]

Etter Jurij Jelisejevs translitterering i 1959 har det vore fleire tolkingsframlegg, som vi her går gjennom.

Tolking av Jurij Jelisejev[endre | endre wikiteksten]

[3] Teksta translitterert til det latinske alfabetet av Jurij Jelisejev 1959[4] og omsett til moderne finsk:

jumolanuoli ï nimizi
nouli se han oli omo bou
jumola soud'ni iohovi

Omtrentleg tyding på finsk:

Jumalannuoli, kymmenen [on] nimesi Tämä nuoli on Jumalan oma Tuomion-Jumala johtaa.

Omtrentleg tyding på norsk:

Guds pil, ti [er] 
namnet ditt
Denne pila er Guds eiga
Domens Gud leiar.

Jelisejev hevdar at dette er ei påkalling for å verne mot lynnedslag, som han meiner å kunne vise med «ti namn»-formuleringa. I følgje overtruisk oppfatting gjev kunnskapen om namnet til ein gjenstand mennesket makt over gjenstanden det gjeld.[5]

Tolking av Martti Haavio[endre | endre wikiteksten]

Ortografien i dokumentet nyttar ikkje mellomrom mellom orda, noko som inneber at teksta kan verta oppdelt på ulike måtar. Martti Haavio gjev i ein artikkel frå 1964 ein annan tolking, der han trur at teksta er ein eid:

jumolan nuoli inimizi
nouli sekä n[u]oli omo bou
jumola soud'nii okovy

Omtrentleg tyding på finsk:

Jumalan nuoli, ihmisen
nuoli sekä nuoli oma. [
Tuomion jumalan kahlittavaksi.] 

Omtrentleg tyding på norsk:

Guds pil, menneskets 
pil, og [hans] eiga pil. [
Å bil lenka av domens Gud.]

Tolking av Jevgenij Khelimskij[endre | endre wikiteksten]

Professor Jevgenij Khelimskij kritiserer i ei boka frå 1986[6] Haavio si tolking og fremjer i staden den tredje av de vitskaplege tolkingane som har vorte gjort av tydinga til teksta. Han ser på, likt Jelisejev, at teksta er ei påkalling:

Jumalan nuoli 10 nimezi
Nuoli säihä nuoli ambu
Jumala suduni ohjavi (johavi?)

Omtrentleg tyding på finsk:

Jumalan nuoli 10 nimesi
Nuoli säihkyvä nuoli ampuu
Suuto-Jumala (Syyttö-Jumala)† ohjaa (johtaa?)

Omtrentleg tyding på norsk:

Guds pil, ti dine namn
Pila glitrar, pila flyg
Domens Gud fører/rettleiar.

Relevans for austersjøfinsk språkhistorie[endre | endre wikiteksten]

Neverdokument 292 og dei andre neverdokumenta som inneheld austersjøfinsk tekst (Neverdokument 403, Neverdokument 259 og ein del andre, dei inneheld for det meste einskildord og austersjøfinske personnamn) er 300 år eldre enn dei eldste finske og estiske tekstane, og dei einaste austersjøfinske kjeldene som er så gamle. Dei representerer også ein annan og austlegare del av språkområdet. Språkhistorisk sett er dei dermed svært interessante.

Det er likevel mange problem med å bruke dei språkhistorisk. Tolkinga er, som vist, svært usikker. Ortografien i dei er svært vaklande, og det er også usikkert kva som har vore morsmålet til skribentane. Skrifttradisjonen dokumenta står i er russisk, og det er også lettare å tolke dei talrike russiskspråklege neverdokumenta frå same kjeldemateriale.

Eit godt døme er spørsmålet om tidfesting av diftongeringa av uraustersjøfinske lange midtre vokalar, e:, o:, ø:. Desse er bevart som lange vokalar i den sørlege språkgreina (jf. estisk tee, soo, töö 'veg, myr, arbeid', der finsk har tie, suo, työ). I savolaksdialekta er det også diftongering av lang a:, jf. mua 'land' for finsk og estisk maa. Den første lina i neverdokument 292 er lovande: нуоли (translitterert nuoli) for 'pil', finsk nuoli, estisk nool . Dessverre opptrer same ordet to gonger på neste line: ноули (nouli) og ноли (noli). Problemet med dette er at russisk, og dermed russisk ortografi, verken har ein skilnad mellom lange og korte vokalar, eller diftongar i det heile. Sekvensen <уо> (latinsk <uо>) kan vere ei feilskriving (eller spegelskriving) av <оу> (latinsk <ou>), som dukkar opp på neste line. og <оу> blir i russiske neverdokument også brukt for russisk /u/.[7] På den andre sida er det mogleg å seie at nett det at ein austersjøfinsk /uo/ ikkje passar inn i det russiske vokalsystemet (og altså har diftong) gjer at ordet blir skrive med så stor variasjon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. А.В. Арциховский, В.И. Борковский. Новгородские грамоты на бересте (из раскопок 1956 - 1957 гг.). М.: Из-во Акад. Наук СССР, 1963.
  2. Itämerensuomalaista kirjoitusta 1200-luvulta
  3. Елисеев Ю. С. Древнейший письменный памятник одного из прибалтийско-финских языков.— Изв. АН СССР. Отд-ние лит. и языка, 1959, т. 18, Вып. 1, с. 65—72.
  4. Елисеев Ю. С. Древнейший письменный памятник одного из прибалтийско-финских языков.— Изв. АН СССР. Отд-ние лит. и языка, 1959, т. 18, Вып. 1, с. 65—72.
  5. Written information on Karelians by S. I. Kochkurkina, A. M. Spiridonov, T. N. Jackson, 1996
  6. Хелимский Е. А. О прибалтийско-финском языковом материале в новгородских берестяных грамотах. In the book Янин В. Л., Зализняк А. А. Новгородские грамоты на бересте (из раскопок 1977—1983 гг.): Комментарии и словоуказатель к берестяным грамотам (из раскопок 1951—1983 гг.) / АН СССР. Отд-ние истории. — М.: Наука, 1986. — С. 254—255.)
  7. Jf. Laakso 1999:533ff

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Relevant litteratur
Nettstader