Nevill Francis Mott

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Nevill Mott)
Nevill Francis Mott

Nevill Francis Mott, London 1952
Fødd30. september 1905
Leeds i England
Død8. august 1996 (90 år)
Milton Keynes i Buckinghamshire i England
NasjonalitetBritisk
Områdefysikk, faststoff-fysikk, legering, halvleiarar, photographic emulsion
Yrkefysikar, universitetslærar
InstitusjonarUniversity of Bristol
Alma materSt John's College, Cambridge
DoktorgradsrettleiarRalph H. Fowler
MedlemRoyal Society
Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina
American Academy of Arts and Sciences
National Academy of Sciences

Nevill Francis Mott (30. september 1905 8. august 1996) var ein britisk fysikar som fekk Nobelprisen i fysikk i 1977 saman med John H. van Vleck og Philip Warren Anderson for arbeidet deira med magnetiske og elektroniske element.

Mott vart i 1962 slått til riddar[1] og fekk då rett til å føre tiltaleforma Sir føre namnet sitt. I 1995 vart han utnemnd til Order of the Companions of Honour.

Mott var professor i teoretisk fysikk i Bristol frå 1933 til 1954, og frå då og fram til 1971 professor i eksperimentell fysikk og styrer av Cavendish-laboratoriet i Cambridge. Frå 1971 til 1978 var han seniorforskar ved Imperial College i London. Mott gjorde seg merka i 1930 for ein kvantemekanisk handsaming av spreiing av alfapartiklar mot heliumkjerner. Han påviste at det på grunn av bølgjenaturen til partiklane ville det bli interferens mellom identiske partiklar. Den eksperimentelle påvisinga av dette tilhøve, som umiddelbart følgde, var ein av dei tidlege triumfane til kvantemekanikken. Dei seinare arbeida til Mott var særleg i tilknyting til rørsla til elektron i metall og halvleiarar.

Mott er òg kjent som forfattar av lærebøker i kvantefysikk.

Prisar (utval)[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. London Gazette, 29. desember 1961.