New age-musikk
| New age | |||
| | |||
| Stilmessig opphav | |||
|---|---|---|---|
| Kulturelt opphav | 1960- og tidleg 1970-tal, Europa og USA | ||
| Undersjangrar | |||
| Blandingssjangrar | |||
| Celtic fusion | |||
| Andre emne | |||
New age-musikk er ein brei musikksjanger som er retta mot å gje inspirasjon, avslapping og optimisme til lyttarar. Han kan nyttast i samband med yoga, massasje, meditasjon[1] og lesing, for å motverka stress,[2] for å framkalla ei kjensle av ekstase, heller enn transe,[3][4] eller for å skapa ein fredeleg atmosfære. Sjangeren blir nokre gonger knytt til miljøvern og new age-rørsla.[1][5]
Ein kan ha akustisk new age-musikk, med instrument som fløyte, piano, gitar, ulike ikkje-vestlege akustiske instrument, og elektronisk musikk, ofte baserte på synthesizer eller sequencer. New age-artistar kombinerer ofte desse metodane for å lage elektroakustik musikk. Vokalarrangement var tidlegare sjeldne i sjangeren, men ettersom han har utvikla seg, har vokal blitt meir vanlig, særleg med song eller messing etter tradisjonane til amerikanske urfolk, sanskrit- eller tibetansk tradisjon, eller tekstar baserte på mytologi, som keltiske legender.[5][6][7][8]
Det finst ikkje ein nøyaktig definisjon av new age-musikk. Ofte blir musikk rekna til sjangeren ut frå intensjonen bak han, ein praksis nytta av Grammy-utvalskomiteen i denne kategorien.[6] Ein artikkel i Billboard i 1987 sa at «New age-musikk kan vera den mest utruleg suksessfulle, ikkje-definerte musikken som nokon gong har vore kjend offentleg».[a][5] Fleire har peikt på at det er eit paraplyomgrep[9] nytta for marknadsføring i staden for ein musikalsk kategori,[10][11][7] og å vera del av ein komplisert kulturell trend.[5]
New age-musikk har påverknadar frå eit breitt utval av artistar frå mange ulike sjangrar. Tony Scott sitt album Music for Zen Meditation (1964) er rekna som den fyrste new age-innspelinga.[11][12] Paul Horn (frå utgjevinga av Inside i 1968) var ein viktig føregangsmann.[13] Irv Teibel sin serie Environments (1969–1979) inneheldt naturlege lydlandskap, tintinnabulum og «om»-messing og var nokre av dei fyrste offentleg tilgjengelege psykoakustiske innspelingane.[14] Steven Halpern si Spectrum Suite frå 1975 var eit nøkkelverk som byrja new age-musikkrørsla.[15]
Definisjon
[endre | endre wikiteksten]
New age-musikk er definert meir av bruken og effekten eller kjenslene han gjev enn instrumenta og sjangeren som blir brukt i skapinga av han;[16] musikken kan vera akustisk, elektronisk eller ei blanding av begge. New age-artistar kan variera frå solo- eller ensembleopptredenar med instrument frå klassisk musikktradisjon som piano, akustisk gitar, fløyte eller harpe til elektroniske musikinstrument, eller frå austlege instrument som sitar, tabla og tanpura. Det er òg ei viktig overlapping av delar av new age-musikk med sjangrar som ambient, klassisk, jazz, elektronika, world, chillout, pop og rommusikk (space music).[10][11][17]
Dei to definisjonane som typisk er knytte til new age-sjangeren er:
- New age-musikk med ambient stil som har som eksplisitt føremål å støtta meditasjon og avslapping, eller bidra til å hjelpa med ulike alternative åndelege teknikkar, som alternativ behandling, yoga, guida meditasjon eller chakra-tolking. Dei som står for denne definisjonen er nesten alltid musikarar som medvite skapar musikk for slike føremål.[18] For å kunne brukast til meditasjon bør musikken ha ein repetitiv dynamikk og tekstur utan plutselege høge akkordar eller improvisasjon, noko som kan forstyrra den som mediterer.[5][8] Han er minimalistisk i utgangspunktet, og musikarar i sjangeren er oftare instrumentalistar enn vokalistar.[3] Subliminale meldingar kan også brukast i new age-musikk, og bruk av instrument i lag med lydar frå dyr (som kvalar, ulvar og ørner) og naturen (fossar, bølgjer, regn) er også utbreidd. Fløytisten Dean Evenson var ein av dei fyrste musikarane til å sameina fredeleg musikk med lydar frå naturen, og skipa dermed ein sjanger som blei populær i samband med massasje og yoga.[5] Andre leiande artistar som har skap new age-musikk spesielt for healing eller meditasjon er mellom anna Irv Teibel, Paul Horn, Deuter, Steven Halpern, Paul Winter, Lawrence Ball, Karunesh, Krishna Das, Deva Premal, Bhagavan Das og Snatam Kaur.[5][19]
- Musikk plassert i new age-avdelinga i platebutikkar og liknande.[20] Dette er hovudsakleg ein praktisk definisjon, gjeven breidda av musikk klassifisert som «new age» av seljarar som ofte er mindre interesserte i nøye inndelingar av musikkstilar enn tilhengjarar av stilane. Musikk som fell inn under denne definisjonen kan gjerne ikkje bli lett klassifiser til andre, meir utbreidde definisjonar, men kan innehalda nesten alle typar musikk; det er meir eit døme på marknadsføring enn ein musikalsk kategori.[5]
Debatt og kritikk
[endre | endre wikiteksten]
Stephen Hill, grunnleggjaren av radioprogrammet Hearts of Space, har hevda at «mange av kunstnarane er særs oppriktig og fullt engasjerte i new age-idear og livsstilar».[21] Nokre komponistar, som Kitarō, meiner at musikken deira er ein del av den andelege veksten deira, og at han uttrykker verdiane deira og former kulturen.[22] Den kristne filosofen Douglas Groothuis har sagt at frå eit kristent perspektiv ville avvising av all musikk som er merka som «new age» vera å bli offer for ein tabu-mentalitet, ettersom mesteparten av musikken tilhøyrer den «progressive» sida av new age-musikk, der komponistar ikkje alltid har eit new age-livssyn.[22]
Det blir likevel ofte peikt på at «new age-musikk» er ei populær nemning som bidreg til å selja album.[5] Akademikaren J. Gordon Melton har hevda at det ikkje viser til ein bestemt musikksjanger, men til musikk som blir brukt til terapeutiske eller andre new age-føremål.[5] Komponisten Kay Gardner såg på «new age»-merket som eit uautentisk kommersiell påfunn, og sa: «a lot of new age music is schlock», og at på grunn av platesal kunne einkvar med eit heimestudio leggja inn lyden av sikadar, hav eller elver som garanti for sal.[3] Det som byrja som ambient stemningsmusikk som hadde samband med new age-aktivitetar, blei eit omgrep for ein musikalsk konglomerasjon av jazz, folk, rock, etnisk, klassisk og elektronisk musikk.[6][23][8][11]

Under samleomgrepet rekna nokre Mike Oldfield sitt progressive rockealbum Tubular Bells frå 1973 som eit av dei fyrste albuma til å bli omtalte under sjangerskildringa new age.[25] Andre meiner at musikk av den greske komponisten Vangelis og generell moderne jazz-rock-fusion er døme på den progressive sida av new age-musikk.[26][27] Andre relevante artistar er Jean-Michel Jarre, Andreas Vollenweider, George Winston, Mark Isham, Michael Hedges, Shadowfax, Mannheim Steamroller, Kitarō, Yanni, Enya, Clannad, Era, Tangerine drøm og Enigma.[28][10][11][29]
Mange musikarar og komponistar avviser omgrepet «new age» for musikken sin. Då Grammyprisen for beste new age-album blei skipa i 1987, sa den første vinnaren, Andreas Vollenweider: «Eg har ikkje nokon intensjon om å stempla musikken min... Det er latterleg å gje eit namn til noko som er tidlaust.» Peter Bryant, ein musikkdirektør for WHYY-FM og programleiar for eit new age-program, sa at «eg har ikkje noko til overs for omgrepet... New age har ein negativ konnotasjon... I sirklar eg kjem i kontakt med, blant folk som arbeider med musikk, er 'new age' nesten ei fornærming.» Han sa vidare at det viste til «svært tanketomme, drøymande typar av keisam musikk... utan nokon substans eller form eller interesse,» og at omgrepet ganske enkelt har blitt sitjande.[10]
Komponisten Harold Budd har sagt: «Når eg høyrer ordet 'new age', strekk eg meg etter revolveren min. Eg tenkjer ikkje på meg sjølv som ein som lager musikk som berre er meint å vera i bakgrunnen. Det er skamfullt å uøsnka bli assosiert med noko magekjensla di seier er heilt tomt.» Vangelis har sagt det er ein stil som «gav dei utan talent høve til å lage særs keisam musikk.»[30] Yanni sa: «Eg vil ikkje avslappa publikum, eg vil engasjere dei i musikk, få dei interessert,»[13] og at «new age antyder ein meir dempa, meir avslappa musikk enn det eg lager. Musikken min kan vera svært rytmisk, svært energisk, til og med svært etnisk.»[11] David Van Tieghem, George Winston og Kitarō avviste òg merkelappen som new age-artistar.[13][8][31] David Lanz sa at han «endeleg fann ut at den største grunnen til at folk ikkje likte ordet new age er fordi det er den einaste musikalske kategorien som ikkje er ein musikalsk term.»[11] Andreas Vollenweider har peikt på at «me har selt millionar av plater over heile verda før kategorien new age faktisk var ein kategori,» og delte uroa for at «butikkane har dette problemet med kategorisering. »[17]
Alternative omgrep
[endre | endre wikiteksten]Kay Gardner kalla den opphavlege new age-musikken «healing music» eller «women's spirituality».[3] Paul Winter, som er rekna som ein av dei fyrste som utvikla new age-musikk, avviste òg omgrepet, og føretrekte «earth music».[17]
Omgrepet «contemporary instrumental music» blei foreslått av Andreas Vollenweider, medan Gary L. Chappell la fram «adult alternativr», som var omgrepet Billboard nytta for sine albumlister for new age- og verdsmusikk.[17]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Konseptet byrja utvikla seg då profesjonelle musikarar byrja engasjera seg i new age-rørsla. I fyrstninga var det ingen interesse frå musikkindustrien, så musikarane og tilknytt personell grunnla sine eige små uavhengige innspelingsverksemder. Dei nådde betydelege salstal gjennom uvanlege utsalsstader, som bokhandlar, gåvebutikkar, helsematbutikkar og via postordresal.[8][5] Med etterspurnaden frå ein stor marknad byrja dei store plateselskapa også å promotera new age-musikk på 1980-talet.[10][5]
New age-musikk blei påverka av ei brei rekkje artistar frå ulike sjangrar - til dømes folk-instrumentalistane John Fahey og Leo Kottke, minimalistane Terry Riley, Steve Reich, La Monte Young og Philip Glass, progressive rock-grupper som Pink Floyd, ambientpioneren Brian Eno, synthesizer-spelaren Klaus Schulze og jazzartistane Keith Jarrett, Weather Report, Mahavishnu Orchestra, Paul Horn, Paul Winter og Pat Metheny.[3][23][8][13][32][33][34]
Tony Scott sitt Music for Zen Meditation (1964) er til tider rekna som den fyrste new age-innspelinga,[35] men til å byrja med var dette albumet berre populært i California, og blei ikkje selt på landsbasis før på 1980-talet.[5] Det oppstod ein annan skule for meditasjonsmusikk blant fylgjesveinane til Rajneesh; Deuter spelte inn D (1971) og Aum (1972), som blanda akustiske og elektroniske instrument med lydar frå havet.[5] Songen «Lunamuse» (1974) av Kay Gardner og innspelinga Mooncircles (1975), som var ein syntese av musikk, seksualitet og wicca-åndelegheit, var «new-age music before it got to be new-age music.» A Rainbow Path (1984) omfamna teorien til Halpern om lækjande musikk frå samtida med kvinneleg åndelegheit, og ho blei ein av dei mest populære artistane for sakral new age-musikk.[3] Mike Orme frå Stylus Magazine har skrive at mange viktige musikarar frå Berlinskulen hjelpte til med å gjera new age utbreidd.[36]
Missa Gaia/Earth Mass (1982) av Paul Winter blir skildra som «eit meisterverk av new age-tilknytt økologisk medvit som feirar heilagdommen til land, himmel og hav.»[37] Virket hans på Austkysten blir rekna som ein av dei viktigaste musikalske uttrykka for new age-åndelegheit.[37] På Vestkysten fokuserte musikarane meir på musikk til lækjing og meditasjon. Steven Halpern sitt Spectrum Suite (1975) er verdt å merka seg. Det hadde som uttalt musikalsk formål å «resonnera spesifikke område av kroppen... det stilnar sinn og kropp.» Tittelen viser til «dei sju tonane på musikkskalaen og dei sju fargane tilregnbogen til dei sju eteriske energikjeldene (chakraer) i kroppane våre.» På 1970-talet var musikken hans og den teoretiske boka Tuning the Human Instrument (1979) føregangsverk innan den veksande praksisen med musikalsk lækjing i USA.[38]
I 1976 blei plateselskapet Windham Hill Records grunnlagt. Den fyrste investeringa i selskapet var på 300 dollar, ti år seinare tente det inn over $26 millionar dollar. Gjennom åra blei det skipa mange plateselskap danna som omfamna eller avviste new age-merket, som Narada Productions, Private Music, Musik Vest, Lifestyle, Audion, Sonic Atmospheres, Living Music, Terra (Vanguard Records), Novus Records (som hovudsakleg spelte inn jazzmusikk), FM (CBS Masterworks) og Cinema (Capitol Records).[8]
Nokre av dei mest suksessrike kunstnarane innan new age, som George Winston og R. Carlos Nakai. Winston sitt millionseljande album December (1982), som blei gjeve ut av Windham Hill Records, var svært populært.[8] Størstedelen av verka til Nakai, med den fyrste utgjevinga Changes i 1983, består av improviserte songar i nordamerikansk urfolkstil. På 1990-talet var musikken hans som hymnar å rekna for new age-spiritualitet.[3]
I 1981 innførte Tower Records i Mountain View i California ein «new age»-kasse.[39] I 1985 la uavhengige og kjede-platebutikkar til seksjonar for new age. Store selskap byrja å visa interesse for sjangeren, både gjennom oppkjøp av nokre eksisterande new age-merke, som Paul Winter Living Music, og gjennom kontraktar med såkalla «new age»-artistar som den japanske elektroniske komponisten Kitarō og den amerikanske crossover jazz-artisten Pat Metheny, begge med Geffen Records.[39] Dei fleste store plateselskapa hadde tatt inn new age-artistar ved byrjinga av neste år.[40] På slutten av 1980-talet var paraplysjangeren den raskast veksande musikksjangeren, med betydeleg speling på radio. Han blei sett på som god forretning på grunn av låge innspelingskostnadar.[8]
Stephen Hill grunnla det new age-radioprogrammet Hearts of Space i 1973. I 1983 blei det kjøpt opp av NPR, og vidaresendt til 230 tilknytte selskap nasjonalt,[41] og eit år seinare starta Hill eit plateselskap, Hearts of Space Records. På valentinsdagen i 1987 endra den tidlegare rockeradio-stasjonen KMET i Los Angeles musikkformat til new age-musikk heile tida, med den nye bokstavnemninga KTWV, marknadsført som The Wave.[8][41] Under The Wave sin new age-periode sa leiarane ved stasjonen til dei tilsette at dei skulle referera til The Wave som ei «stemningstenneste» i staden for ein radiostasjon. DJ-ane slutta å seia titlane på låtane dei spelte, og istaden kunne høyrarane ringa inn på eit gratis telefonnummer for å finne ut kva song dei spelte. Nyheitssendingane blei òg omskrivne, og kalla «wave breaks».[41]

I 1987 innførte Grammyprisen ein kategori for beste new age-album,[10] medan i Billboard skipa vekelister for new age-musikk i 1988.[6] I 1989 arrangerte Suzanne Doucet den fyrste internasjonale New-Age Music Conference i Los Angeles.[6] Ved slutten av 1989 var det over 150 små uavhengige plateselskap som gav ut new age-musikk, medan det blei sendt new age og adult alternative-program på hundrevis av kommersielle og universitets-radiostasjonar i USA, og over 40 distributørar selde new age-musikk gjennom postordrekatalogar.[42]
På 1990-talet blei det skipa mange små plateselskap med new age-musikk i Japan, men for denne typen instrumentalmusikk var termane «avslappande» eller «lækjande» musikk meir populære. «Sadeness (Part I) » av tyske Enigma blei ein internasjonal hitt som nådde fyrsteplassen på topplistene i 24 land, inkludert Storbritannia, femteplassen på Billboard Hot 100 i USA, og selde over 5 millionar over heile verda.[43] Den norsk-irske gruppa Secret Garden hadde suksess med songen «Nocturne», som vann Eurovision 1995, og albumet Songs from a Secret Garden frå 1996.
På denne tida husa Nederland to leiande europeiske new age-plateselskap – Oreade og Narada Media. Oreade rapporterte at den siste trenden i 1997 var «engelaktig» musikk, medan Narada Media spådde at sjangeren ville utvikla seg i retning av verdsmusikk (med keltisk, irsk og afrikansk innverknad).[44] I 1995 gjekk nokre new age-komponistar som Kitarō, Suzanne Ciani og Patrick O'Hearn frå store plateselskap til uavhengige på grunn av mangel på reklame, reduserte sal eller avgrensa kreativ fridom.[45]
I 2001 feira Windham Hill 25-årsjubileum. Narada og Higher Octave Music heldt fram med å flytta seg inn i verds- og etnoteknisk musikk, og Hearts of Space Records blei kjøpt av Valley Entertainment. «Only Time» av Enya nådde 10. plassen på Billboard Hot 100, og albumet A Day Without Rain på andreplassen på Billboard 200 gjorde Enya til den mestseljande new age-artisten det året.[46]
Merknadar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ New Age music may be the most startling successful non-defined music ever to hit the public consciousness
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 New age-musikk ved AllMusic
- ↑ Paul M. Lehrer; David H. (FRW) Barlow; Robert L. Woolfolk; Wesley E. Sime (2007). Principles and Practice of Stress Management, Third Edition. New York: Guilford Press. s. 46–47. ISBN 978-1-59385-000-5.
- 1 2 3 4 5 6 7 Marini 2003.
- ↑ Whittall 2003.
- 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 Newport 1998.
- 1 2 3 4 5 Hale and Payton 2000.
- 1 2 Shuker 2002.
- 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 Jon Pareles (29. november 1987). «Pop View; New-Age Music Booms, Softly». The New York Times. Henta 23. august 2016.
- ↑ John Schaefer (desember 1985). «New Sounds». Spin 1 (8): 63. ISSN 0886-3032.
- 1 2 3 4 5 6 Steven Rea (22. februar 1987). «New-age Music: Hard To Define, But It Sells It Even Has A Grammy Category Of Its Own». The Philadelphia Inquirer. Arkivert frå originalen 30. mars 2012. Henta August 23, 2016.
- 1 2 3 4 5 6 7 Don Heckman (27. februar 1994). «Trends: New Age Enters a New Phase: Call it what you want, but the sound of Yanni and his similarly minded pals ... is reaching far beyond its old image of ambient mood music». Los Angeles Times.
- ↑ «Roots of Space». Hearts of Space. 14. juli 1989.
- 1 2 3 4 Gregg Wager (2. desember 1988). «Artists Bring a Variety of Styles to New-Age Music». Los Angeles Times.
- ↑ «Irv Teibel Obituary». Weed-Corley-Fish Funeral Home North. Henta 10 October 2014.
- ↑ Wright, Carol. Spectrum Suite—Steven Halpern. AllMusic.
- ↑ Newport 1998, s. 476.
- 1 2 3 4 Roger Catlin (26. april 1992). «New Age Artists Want A New Label». Hartford Courant. Arkivert frå originalen 17. desember 2014. Henta 23. august 2016.
- ↑ Steven Halpern, New Age Voice Magazine, June 1999 issue
- ↑ John Schaefer (desember 1985). «New Sounds». Spin 1 (8): 63. ISSN 0886-3032.
- ↑ Steven Halpern, New Age Voice Magazine, June 1999 issue
- ↑ Newport 1998, s. 480.
- 1 2 Newport 1998, s. 479.
- 1 2 Seaward 2011.
- ↑ Trust, Gary (4. januar 2024). «24 No. 24 Billboard Hot 100 Hits for '24: John Legend, Billy Joel, Carrie Underwood & More». Billboard.
- ↑ Birosik, Patti Jean (1989). The New Age Music Guide. Collier MacMillan. s. 138. ISBN 0-02-041640-7.
- ↑ Newport 1998, s. 478.
- ↑ Cope, David (2001). New directions in music. Michigan University: Waveland Press. s. 259. ISBN 9781577661085.
- ↑ John Schaefer (desember 1985). «New Sounds». Spin 1 (8): 63. ISSN 0886-3032.
- ↑ «Tangerine Dream In Concert: Moogfest 2011». NPR.
- ↑ Peter Culshaw (6. januar 2005). «My Greek odyssey with Alexander». The Daily Telegraph. Arkivert frå originalen 12. januar 2022. Henta 18. august 2016.
- ↑ Steve Appleford (October 28, 1994). «Playing to Emotions: Kitaro brings his New Age blend of rock, classical and folk to Universal Amphitheatre.». Los Angeles Times. Henta 24. august 2016. «The category he seems least comfortable with is New Age, which remains a mystery to him. "Who came up with this name?" he asks. It seems to have little to do with the layers of rousing, emotional music he creates with elements of rock, classical and various international folk styles.»
- ↑ Derk Richardson (Nov 1986). «The Sounds of Sominex». Mother Jones 11 (8) (Mother Jones Magazine). s. 60. ISSN 0362-8841.
- ↑ Birosik, Patti Jean (1989). The New Age Music Guide. Collier Books. ISBN 978-0-02-041640-1.
- ↑ Werkhoven, Henk N. (1997). The International Guide to New Age Music. Billboard Books / Crown Publishing Group. ISBN 978-0-8230-7661-1.
- ↑ «Roots of Space». Hearts of Space. 14. juli 1989.
- ↑ Orme, Mike. «The Bluffer's Guide: The Berlin School». Stylus Magazine. Arkivert frå originalen 16. februar 2022. Henta 17. juni 2022.
- 1 2 Marini 2003, s. 166.
- ↑ Marini 2003, s. 166–167.
- 1 2 Geoff Mayfield (25. oktober 1986). «The Independents: Oasis of Individuality Offering Welcome Relief from the Volume Wars». Billboard Magazine (Nielsen Business Media). s. 22.
- ↑ Barbieri, Susan M. (2. januar 1990). «New Age Lives With A Bad Rap Artists Dislike Labels Attached To The Music». Orlando Sentinel (på engelsk). Henta 27. mars 2017.
- 1 2 3 Balfe, Judith H. (1993). Paying the piper: causes and consequences of art patronage. University of Illinois Press. s. 279–81. ISBN 0-252-06310-4.
- ↑ PJ Birosik (mars 1989). «Dreamtime Return». Yoga Journal (Active Interest Media, Inc.). s. 94–95.
- ↑ Weinert, Ellie (4. mars 1995). «Billboard Vol. 107, No. 9 – Casebook: Enigma». Billboard (Nielsen Business Media): 58. Henta 7. august 2011.
- ↑ Steve McClure; Robbert Tilli (22. mars 1997). «New Age Activity In The International Marketplace». Billboard 109 (12): 45. ISSN 0006-2510.
- ↑ JD (1. april 1995). «Rebels And Refugees: Artists Express Independence By Establishing Own Labels». Billboard 107 (13): 68. ISSN 0006-2510.
- ↑ John Diliberto (29. desember 2001). «The Year In New Age: Big Changes, Rainless Days' Reign». Billboard 113 (52): 76. ISSN 0006-2510.
- Denne artikkelen bygger på «New-age music» frå Wikipedia på engelsk, den 11. august 2025.
Kjeldeliste
[endre | endre wikiteksten]- Hale, Amy; Philip Payton (2000), New Directions in Celtic Studies, University of Exeter Press, ISBN 9780859895873
- Marini, Stephen A. (2003), Sacred Song in America: Religion, Music, and Public Culture, Urbana and Chicago: University of Illinois Press, ISBN 9780252028007
- Newport, John P. (1998), The New Age Movement and the Biblical Worldview: Conflict and Dialogue, William B. Eerdmans Publishing, ISBN 9780802844309
- Seaward, Brian Luke (2011), Managing Stress: Principles and Strategies for Health and Well-Being, Burlington, MA, Mississauga, and London: Jones & Bartlett Publishers, ISBN 9780763798345
- Shuker, Roy (2002), Popular Music: The Key Concepts, Psychology Press, ISBN 9780415284257
- Whittall, Arnold (2003), Exploring Twentieth-Century Music: Tradition and Innovation, Cambridge University Press, ISBN 9780521016681