New England Shipbuilding Corporation

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Ned slippen på færre dagar», plakat frå andre verdskrigen for New England Shipbuilding Corporation.

43°39′3″N 70°14′4″W / 43.65083°N 70.23444°W / 43.65083; -70.23444

New England Shipbuilding Corporation var eit skipsverft i byen South Portland i Maine i USA. Verftet oppstod som to separate verft, Todd-Bath Iron Shipbuilding Corporation og South Portland Shipbuilding Corporation, som vart skipa i høvesvis 1940 og 1941 for å møte etterspurnaden etter skip som andre verdskrigen skapte. Dei to verfta vart slått saman i 1943 og held så fram å produsere skip som East Yard og West Yard under New England Shipbuilding Corporation. New England Shipbuilding var det 97. mest verdifulle føretaket i USA for militærproduksjon.[1] Begge verfta vart nedlagde etter krigen.[2][3]

Dei to verfta bygde 266 skip: 54 i East Yard og 112 i West Yard. Dei første 30 East Yard-skipa var Oceanskip, ein klasse lasteskip bygde for Storbritannia.[4] Alle dei andre skipa var Libertyskip og var bygde for United States Maritime Commission. Blant dei var DS «Jeremiah O'Brien», som er eit Libertyskip bevart som museumsskip i San Francisco. I motsetnad til mange museumsskip er det framleis sjødyktig og gjer ofte turar på San Francisco Bay.[5]

Masse-sjøsetjing av fem skip den 16. august 1942

Fem av dei britiske Oceanskipa, bygg 19–24 «Ocean Wayfarer», «Ocean Stranger», «Ocean Traveller», «Ocean Seaman» og «Ocean Gallant», vart sjøsette i lag med to jagarar USS «Conway» og USS «Cony», og Libertyskipet DS «Natasha Allen» samstundes under ei massesjøsetjing den 16. august 1942. Dette var ny rekord i talet på sjøsetjingar.[6][7]

Då produksjonen var på det høgaste var det 30 000 folk tilsette på verftet.[5][8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Peck, Merton J. & Scherer, Frederic M. The Weapons Acquisition Process: An Economic Analysis (1962) Harvard Business School p.619
  2. «New England Shipbuilding (East & West)». Project Liberty Ship. Arkivert frå originalen 26. desember 2007. Henta 27. desember 2020. 
  3. «South Portland Shipyards of World War II – History of the Shipyards». Arkivert frå originalen 14. november 2007. Henta 27. desember 2020. 
  4. Colton, T. (October 16, 2010). «New England Shipbuilding, South Portland ME». ShipbuildingHistory. T. Colton. Arkivert frå originalen 12 August 2014. Henta 27. desember 2020. 
  5. 5,0 5,1 «South Portland Shipyards of World War II – Ship List». Arkivert frå originalen 21. januar 2008. Henta 27. desember 2020. 
  6. «Todd Yards Launch 8 In One Day». Pacific Marine Review ('Official Organ: Pacific American Steamship Association/Shipowners' Association of the Pacific Coast). Consolidated 1942 issues: 92. September 1942. Henta 27. desember 2020. 
  7. Library of Congress. «File:Liberty ship Portland.jpg». Wikimedia Commons. Henta 2. september 2013. 
  8. «Around Maine – Portland's Liberty Ship Era». Times Warner Cable. Arkivert frå originalen 21. april 2008. Henta 27. desember 2020.