New England Shipbuilding Corporation
43°39′3″N 70°14′4″W / 43.65083°N 70.23444°W
New England Shipbuilding Corporation var eit skipsverft i byen South Portland i Maine i USA. Verftet oppstod som to separate verft, Todd-Bath Iron Shipbuilding Corporation og South Portland Shipbuilding Corporation, som vart skipa i høvesvis 1940 og 1941 for å møte etterspurnaden etter skip som andre verdskrigen skapte. Dei to verfta vart slått saman i 1943 og held så fram å produsere skip som East Yard og West Yard under New England Shipbuilding Corporation. New England Shipbuilding var det 97. mest verdifulle føretaket i USA for militærproduksjon.[1] Begge verfta vart nedlagde etter krigen.[2][3]
Dei to verfta bygde 266 skip: 54 i East Yard og 112 i West Yard. Dei første 30 East Yard-skipa var Oceanskip, ein klasse lasteskip bygde for Storbritannia.[4] Alle dei andre skipa var Libertyskip og var bygde for United States Maritime Commission. Blant dei var DS «Jeremiah O'Brien», som er eit Libertyskip bevart som museumsskip i San Francisco. I motsetnad til mange museumsskip er det framleis sjødyktig og gjer ofte turar på San Francisco Bay.[5]
Fem av dei britiske Oceanskipa, bygg 19–24 «Ocean Wayfarer», «Ocean Stranger», «Ocean Traveller», «Ocean Seaman» og «Ocean Gallant», vart sjøsette i lag med to jagarar USS «Conway» og USS «Cony», og Libertyskipet DS «Natasha Allen» samstundes under ei massesjøsetjing den 16. august 1942. Dette var ny rekord i talet på sjøsetjingar.[6][7]
Då produksjonen var på det høgaste var det 30 000 folk tilsette på verftet.[5][8]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «New England Shipbuilding Corporation» frå Wikipedia på engelsk, den 27. desember 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Peck, Merton J. & Scherer, Frederic M. The Weapons Acquisition Process: An Economic Analysis (1962) Harvard Business School p.619
- ↑ «New England Shipbuilding (East & West)». Project Liberty Ship. Arkivert frå originalen 26. desember 2007. Henta 27. desember 2020.
- ↑ «South Portland Shipyards of World War II – History of the Shipyards». Arkivert frå originalen 14. november 2007. Henta 27. desember 2020.
- ↑ Colton, T. (October 16, 2010). «New England Shipbuilding, South Portland ME». ShipbuildingHistory. T. Colton. Arkivert frå originalen 12 August 2014. Henta 27. desember 2020.
- ↑ 5,0 5,1 «South Portland Shipyards of World War II – Ship List». Arkivert frå originalen 21. januar 2008. Henta 27. desember 2020.
- ↑ «Todd Yards Launch 8 In One Day». Pacific Marine Review ('Official Organ: Pacific American Steamship Association/Shipowners' Association of the Pacific Coast). Consolidated 1942 issues: 92. September 1942. Henta 27. desember 2020.
- ↑ Library of Congress. «File:Liberty ship Portland.jpg». Wikimedia Commons. Henta 2. september 2013.
- ↑ «Around Maine – Portland's Liberty Ship Era». Times Warner Cable. Arkivert frå originalen 21. april 2008. Henta 27. desember 2020.