New Forest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tre i James's Hill i New Forest.
New Forest nasjonalpark i Hampshire og England.

New Forest er eit område med skog, hede og beite i Hampshire i England. Området blei danna som kongeleg skog av Vilhelm erobraren, og har vore kjend som 'Ny-skogen' sidan oppføringa i Domesday Book i 1086. Det har gjeve namn til New Forest-distriktet, som dekkjer omtrent same området, og til New Forest-ponnien, som stammar herfrå. Sidan 2005 har store delar av området vore nasjonalpark.

Det finst fleire mindre byar og landsbyar i og rundt New Forest. Nasjonalparken er danna slik at dei fleste tettstadene ligg utanfor parkområdet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

New Forest blei danna av Vilhelm erobraren som ein «ny» kongeleg jaktskog rundt 1079. Før dette hadde skogen i følgje krønikeskrivaren Florence av Worcester vore kjend som Great Ytene Forest, 'den store jydeskogen'. Jydane var ei angelsaksisk stammegruppe som hadde slått seg ned i dette området. For å danna jaktområdet sitt forviste Vilhelm erobraren fleire folk som budde i området.

To av sønene til Vilhem døydde i skogen: Prins Rikard i 1081 og kong Vilhelm II (William Rufus) i 1100. I følgje lokal folketru var dette ei straff for utvisingane då ein skapte skogen.

Under den store stormen i 1703 gjekk rundt 4000 eiketre tapt i New Forest.

Eigarskap og busetnad[endre | endre wikiteksten]

Ponni på Lodge Hill i New Forest.

Størsteparten av New Forest (rundt 90 % i 2005) er kroneigedom og blir skjøtta av Forestry Commission. Fleire lokale familiar har rettar til å senda dyr på beite og henta leire og bregner i New Forest som stammar frå førnormannisk tid. Grisar, kyr og hestar, dei fleste av dei New Forest-ponniar, held landskapet ved like gjennom beiting.

Blant byar og landsbyar i eller rett ved skogen er Lyndhurst, Brockenhurst, Fordingbridge, Ringwood, Beaulieu og Lymington. Området grensar mot Bournemouth i vest og Southampton i aust.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]