New Kid in Town

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
New Kid in Town
Singel av Eagles
frå albumet Hotel California
B-side «Victim of Love»
Utgjeve 7. desember 1976
Sjanger Softrock[1]
Lengd 5:04 (album); 4:49 (singel)
Selskap Asylum
Låtskrivar(ar) Don Henley, Glenn Frey, J.D. Souther
Produsent Bill Szymczyk
Eagles-kronologi
«Take It to the Limit»
(1975)
New Kid in Town «Hotel California»
(1977)


«New Kid in Town» er ein song skriven av Don Henley, Glenn Frey og J.D. Souther og spelt inn av Eagles for albumet Hotel California i 1976. Han vart gjeven ut som den første singelen frå albumet og nådde toppen av singellista i USA og 20. plassen i Storbritannia. Singelversjonen tonar ut tidlegare enn albumversjonen. Den 26. februar 1977 nådde songen toppen av Billboard-lista. Glenn Frey syng solovokal på songen med Don Henley på harmonivokal. Randy Meisner spelar gitarrón mexicano og Joe Walsh elektrisk piano og orgel.[2]

Eagles-biografen Marc Eliot skriv at «New Kid in Town» fangar «ein presis og spektakulær augneblink som alle karar som har kjent smerte, sjalusi, utryggleik, sinne og hjartesorg i den augneblinken han oppdagar at kjærasten likar nokon andre betre og har gått vidare kjenner att.»[3] Han skriv òg at han fangar eit meir abstrakt tema om «den lunefulle karakteren til både musen og massane.»[3]

I plateomslaget til The Very Best Of snakka Don Henley om kva songen tyder:

« Han handlar om den forbigåande, lunefulle karakteren til kjærleik og romanse. Han handlar òg om den forbigåande karakteren til kjendislivet, særleg innan musikkindustrien. Me sa i hovudsak, 'Sjå her, me veit me er særs heite akkurat no, men me veit òg at nokon kjem til å kome og erstatte oss - både i musikk og kjærleik.'[4] »

I 1977 vann Eagles Grammy-prisen for beste stemmearrangement med «New Kid in Town».[5]

På det første soloalbumet til Henley, I Can't Stand Still, refererer han til songen i linja «there's a new kid in town» mot avslutninga av «Johnny Can't Read».

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1976–77) Plassering
Canadian RPM Top Singles 1
Canadian RPM Adult Contemporary Tracks 2
Canadian RPM Country Tracks 12
Nederland Top 40 9
UK 20
U.S. Billboard Hot 100 1
U.S. Billboard Hot Adult Contemporary Tracks 2
U.S. Billboard Hot Country Singlar 43

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1977) Plassering
Canada [6] 19
U.S. Billboard Hot 100[7] 59

|}

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]