New School for Social Research

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

The New School for Social Research var eit universitet i New York, grunnlagt i 1919 av ei gruppe intellektuelle pasifistar. Somme av desse hadde undervist ved Columbia University, men fekk ikkje halde fram der på grunn av pasifismen sin.

Det er (2006) i alt 1 628 studentar ved New School, opp til doktorgradsnivå. Skulepengane var det same året US$ 19 810, som er relativt lite i amerikansk samanheng for eit universitet på så høgt fagleg nivå.

Rektor sidan 2000 er den tidlegare demokratiske senatoren Robert Kerrey.

Blant grunnleggjarane var Charles Beard, den norsk-ætta Thorstein Veblen, James Harvey Robinson, Wesley Clair Mitchell, John Dewey og Alvin Johnson. Seinare kom fleire andre til som lærarar, mellom dei Aron Gurwitch, Albert Salomon, Alfred Schütz, Karl Löwith, Marie Jahoda, Hannah Arendt, Hans Jonas, antropologen Claude Lévi-Strauss, språkforskaren Roman Jakobson og Henri Bonnet. Den norske sosiologen Arvid Brodersen var òg her ein lang periode (1949-1974) etter Den andre verdskrigen. I denne perioden var skulen eit senter for fenomenologi i USA.

Då det kom mange intellektuelle til USA i mellomkrigstida og under Den andre verdskrigen, gjekk skulen òg under namnet eksiluniversitetet, og han vart særleg særleg kjend for sitt fakultet for politikk og sosialvitskap.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]