New Super Mario Bros.

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå New Super Mario Bros)
New Super Mario Bros.
Utviklar(ar)Nintendo EAD
Utgjevar(ar)Nintendo
DistributørNintendo eShop
Produsent(ar)Hiroyuki Kimura
Design(ar)Shigeru Miyamoto,
Takashi Tezuka (produsentar)
Asuka Ōta,
Hajime Wakai (komponistar)
Komponist(ar)Asuka Ōta, Hajime Wakai
SerieMario
Plattform(er)Nintendo DS
UtgjevingNA: 15. mai 2006
JP: 25. mai 2006
EU: 30. juni 2006
SjangerPlattform
SpelemodusEinspelar, fleirspelar
AldersgrensePEGI: 3+
CERO: A
ESRB: E
Nettstadhttp://www.ique.com/games/Mariobros
Del av serien Super Mario, New Super Mario Bros.⠀
Super Mario Sunshine · Super Mario Galaxy, New Super Mario Bros. Wii

New Super Mario Bros. (japansk New スーパーマリオブラザーズ) er eit siderullande plattform-dataspel utvikla og publisert av Nintendo for den handhaldne spelkonsollen Nintendo DS. Det vart gjeve ut i Nord-Amerika og i Japan mai 2006 og i Europa juni same året. Spelet er det første nye siderullande plattformspelet med Mario i hovudrolla sidan Super Mario Land 2: 6 Golden Coins frå 1992, og det første spelet i hovudserien innanfor Mario-serien sidan Super Mario Sunshine frå 2002.

Handlinga i spelet liknar dei i tidlegare Mario-plattformspel, der Mario må kome seg forbi ymse farar og fiendar for å berge prinsesse Peach frå Bowser. Mario får tilgang på fleire hjelpemiddel som hjelper han på ferda, deriblant supersoppen, eldblomen og stjerna som kvar gjev han særskilde eigenskapar. På ferda gjennom åtte verder med til samans 80 nivå, må Mario overvinne Bowser Jr. og Bowser før han får berga prinsessa.

Ein oppfølgjar til spelet, New Super Mario Bros. Wii, kom i 2009 på Wii.

Handling[endre | endre wikiteksten]

New Super Mario Bros. opnar med Mario og prinsesse Peach gåande i lag medan eit lyn brått slår ned i slottet til Peach. Når Mario renn mot slottet for å sjå nærare, kjem Bowser Jr. og bortfører prinsessa. Mario innser fort kva som har skjedd, og skundar seg tilbake for å sette etter kidnapparen.

Oppsett[endre | endre wikiteksten]

Attåt sjølve hovudeventyret i spelet er det ein modus for fleirspel. Her kan to spelarar kjempe mot kvarandre som Mario eller Luigi på ein av fem baner, der målet for begge er å bli førstemann til å samle eit fastsett nummer stjerner. Begge spelarane kan åta den andre spelaren for å stele stjerner. Å hoppe vanleg på motstandaren vil få han til å misse ei stjerne, medan å treffe han med eit rauvdunk vil koste han tre. Nokre minispel frå Super Mario 64 DS er tilgjengelege med nye moglegheiter for fleirspel. Det er til saman 18 småspel for ein enkelt spelar og 10 for fleire. Småspela er delte i fire kategoriar (en: «Action», «Puzzle», «Table» og «Variety»).

Arv[endre | endre wikiteksten]

New Super Mario Bros. introduserer Dry Bowser, som etter det har dukka opp i andre spel i serien. I Super Smash Bros Brawl er det nokre referansar til New Super Mario Bros.

Ein oppfylgjar til spelet, New Super Mario Bros. Wii, blei utgjeven i slutten av 2009 til Wii. Her kan ein spele opp til fire spelarar samtidig. Den direkte oppfylgjaren, New Super Mario Bros. 2, blei kunngjort 21. april 2012 og kom ut til Nintendo 3DS i august 2012.[1] New Super Mario Bros U blei lansert til Wii U i november 2012 og er ein indirekte oppfylgjar til New Super Mario Bros Wii.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «New Super Mario Bros. 2 Hits 3DSes This August.» (på engelsk). Totilo, Stephen. Kotaku. 20. april 2012. Henta 3. august 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]