New York-børsen
New York-børsen | |
![]() | |
| |
Skipa | 17. mai 1792 |
---|---|
Land | USA ![]() |
Hovudkontor | New York Stock Exchange Building, New York by ![]() |
Styreleiar | Jeffrey Sprecher |
Markedsverdi | 28 528 761 000 000 US-dollar (30. juni 2018)[1] |
Nettstad | https://www.nyse.com |
New York Stock Exchange (NYSE) er verdas største aksjemarknad (i samla børsverdi) og ligg på Manhattan i New York, ved Wall Street og Broad Street.
Historie[endre | endre wikiteksten]
Børsen blei grunnlagd under eit platantre i 1792, med avtalen Buttonwood Agreement. Etter fleire midlertidige opphaldsstader flytta børsen i 1903 inn i den klassisistiske børsbygningen teikna av George Post ved Wall Street. Då starta tradisjonen med å opna og lukka børsen ved å ringa ei klokke klokka 09.00 og klokka 16.00. Det å få ringa med klokka er rekna som ei ære.
I 1929 fann børskrakket som innleidde depresjonstida stad her.



Børsen har lange tradisjonar for handel som finn stad ansikt til ansikt, men gjekk gradvis over til elektronisk handel og enda i 2009 tradisjonen kjend som «public outcry». 2000-talet markerte også ein overgang frå ein sjølvstendig brukareigd børs til eit aksjeselskap. I 2006 fusjonerte New York-børsen med børsteknologiselskapet Archipelago Holding og byrja sal av eigne aksjer under kortforma NYX. I 2007 fusjonerte selskapet med den europeiske børsgruppa Euronext til NYSE Euronext. Denne gruppa kjøpte i 2008 aksjebørsen American Stock Exchange (AMEX), som fekk det nye namnet NYSE MKT. I 2011 planla selskapet ein fusjon med den tyske børsgruppa Deutsche Börse, men blei blokkert av EU-kommisjonen fordi det kunne føra til eit monopol. I 2013 blei NYSE Euronext kjøpt opp av IntercontinentalExchange frå Atlanta i Georgia.
Børsindeksar som Dow Jones-indeksen og S&P 500 byggjer i stor grad på obligasjonar og aksjar frå New York-børsen.
Børsbygningen blei rekna som eit «National Historic Landmark» i USA frå 1978.
Sjå òg[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Intercontinental Exchange - About Us Arkivert 2016-03-02 ved Wayback Machine., intercontinentalexchange.com
- «The end of the street», The Economist (Nov 16th 2013)
- «New York Stock Exchange» Arkivert 2007-10-12 ved Wayback Machine., National Historic Landmaks Program, nps.gov
- Denne artikkelen bygger på «NYSE Euronext» frå Wikipedia på engelsk, den 20. juli 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- The merger between NYSE and Archipelago Holdings
- Starkman, Dean; White, Ben (December 7, 2005). «NYSE Approves Archipelago Acquisition». The Washington Post.
- NYSE Euronext Press Release Arkivert 2015-07-12 ved Wayback Machine.
- «IntercontinentalExchange to buy NYSE for $8.2B», CBS News, December 20, 2012
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: