Newport Folk Festival

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Logoen til Newport Folk Festival.
The Black Crowes med Luther Dickinson, Sven Pipien, Steve Gorman, Chris Robinson, og Rich Robinson opptredde på Newport Folk Festival i 2008.

Newport Folk Festival er ein årleg amerikansk musikkfestival med hovudsakleg visesong og folkemusikk som vert arrangert i Newport i Rhode Island. Han vart gjennomført første gong i 1959. Fleire viktige hendingar i historia til populærmusikken har skjedd på denne festivalen, blant anna då Bob Dylan spelte elektrisk i 1965.

Historie[endre | endre wikiteksten]

To musikarar som først vart gjort kjende på Newport-festivalen var Joan Baez og Bob Dylan.

Newport Folk Festival vart starta i 1959 av Theodore Bikel, Oscar Brand, Pete Seeger og George Wein, grunnleggjar av han allereie godt etablerte Newport Jazz Festival, og partnaren hans, Albert Grossman.

Festivalen er kjend for å ha introdusert utøvarar som seinare vart betydelege stjerner, særleg Joan Baez, som opptredde som uanmeldt gjest for Bob Gibson i 1959, og Bob Dylan (som hadde Grossman som manager) som for første gong opptredde på Newport i 1963 og som er generelt anerkjend som den første nasjonale framferda hans. Dylan vart den musikaren som er mest kjend (eller berykta) for tilknytinga si til festivalen. I 1963 og 1964 vart Dylan forbunde med Joan Baez (som sjølv hadde vore ein av dei første som vart oppdaga på den første festivalen i Newport i selskap med Chicago-musikaren Bob Gibson).

Festivalen har fokus på folkemusikk i ein vid og laus forstand. Festivalen var assosiert med den nye interessa på 1960-talet for blues der musikarar som hadde vore «tapt» sidan 1940-talet (jfr. deltablues) vart «gjenoppdaga».

Konsertane har vore ei rik kjelde for opptak. Murray Lerner regisserte ein film frå festivalen som vart gjeven ut i 1967, basert på framsyningar frå åra 1963-1965, i dag tilgjengeleg på DVD.

Seinare år[endre | endre wikiteksten]

Newport Folk Festival fekk vanskelegare tider på slutten av 1960-talet, og måtte òg halda stengt i fleire år, men byrja på nytt i 1971. Musikkfestivalen fekk ei fornying og ein ny vår i 1985 og har sidan vorte ein av det viktigaste musikkfestivalane for hovudsakleg akustisk og folkemusikk i USA ved sida av Philadelphia Folk Festival som byrja i 1960.

Eit av dei faste namna i seinare år er Loudon Wainwright III som sjølv vart inspirert til å verta musikar etter å ha opplevd Bob Dylan på Newport.

Festivalen har vorte gjennomført utan avbrot sidan 1985, om enn i ei anna form enn i stordomstida på 1960-talet. Frå å baserast utan profitt har han vorte profittbasert, og publikum har minska frå 20 000 til 10 000 og kveldskonsertane har vorte avlyst.[1] I tillegg har det kome inn kommersielle sponsorar som Ben & Jerry's og Dunkin' Donuts. Festivalen i 2007 hadde musikarar som Linda Ronstadt som var hovudattraksjon på fredagskvelden i tillegg til andre velkjende musikarar som Allman Brothers Band, Emmylou Harris, Alejandro Escovedo, Cheryl Wheeler, Hazel Dickens og Ralph Stanley.

På turné med Newport Folk Festival[endre | endre wikiteksten]

I 1998 kom ein samansetjing med mange musikarar, berre laust knytte til folkemusikk, som har turnert i USA under tilnamnet «Newport Folk Festival Tour». Dei spelte på nettverket for ordinære amfiteatra utandørs.

Den første gruppa omfatta musikarar som Lyle Lovett, Nanci Griffith, Alison Krauss, John Hiatt, Newport-veteranen Joan Baez, Wilco, Suzanne Vega, Loudon Wainwright III, Lucinda Williams, og Jimmie Dale Gilmore.[2]

Album spelt inn ved festivalen[endre | endre wikiteksten]

  • The Newport Folk Festival, 1959 [3 plater] – Vanguard Records
  • The Newport Folk Festival, 1960 [2 plater] – Vanguard Records
  • Dei følgjande albuma vart gjevne ut av Vanguard Records etter Newport Folk Festival i 1963:
    • Newport Broadside (Topical Songs) – VRS-9144 (Mono) and VSD-79144 (Stereo) Joan Baez, Bob Davenport, Bob Dylan, The Freedom Singers, Jim Garland, Sam Hinton, Peter La Farge, Ed McCurdy, Phil Ochs, Tom Paxton, Pete Seeger
    • Blues At Newport – VRS-9145 (Mono) and VS-79145 (Stereo) Rev. Gary Davis, John Hammond, John Lee Hooker, Brownie McGhee and Sonny Terry, Mississippi John Hurt
    • Country Music and Bluegrass At Newport – VRS-9146 (Mono) and VSD-79146 (Stereo) Clarence «Tom» Ashley, Clint Howard, Jim and Jesse and The Virginia Boys, Tex Logan, The Morris Brothers, The New Lost City Ramblers, Fred Price, Doc Watson, Mac Wiseman, og The Country Boys.
    • Old Time Music At Newport – VRS-9147 (Mono) and VSD-79147 (Stereo) Clarence «Tom» Ashley, Doc Boggs, Maybelle Carter, Jenes Cottrell, Dorsey Dixon, Clint Howard, Fred Price, Doc Watson
    • Evening Concert At Newport, Vol. 1 – VRS-9148 (Mono) and VSD-79148 (Stereo)
    • Evening Concert At Newport, Vol. 2 – VRS-9149 (Mono) and VSD-79149 (Stereo)
  • Festival: The Newport Folk Festival 1965[3]
  • Ben & Jerry's Newport Folk Festival '88 Live[4]
  • Ben & Jerry's Newport Folk Festival, Vol. 2 (1990)[5]
  • Turn of the Decade 1989-90: Ben & Jerry's Newport Folk Festival[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. CNN: «Newport Folk Festival features Willie Nelson, Natalie Merchant»
  2. Travel Advisory | Pop Culture News | News + Notes | Entertainment Weekly, arkivert frå originalen 6. juni 2012, henta 5. februar 2016 
  3. «Newport Folk Festival 1965», www.trussel.com, henta 15. januar 2024 
  4. Ben & Jerry's Newport Folk Festival '88 Live, arkivert frå originalen 13. januar 2016, henta 5. februar 2016 
  5. Ben & Jerry's Newport Folk Festival, Vol. 2
  6. Various Artists - Turn of the Decade 1989-90: Ben & Jerry's Newport Folk Festival Album Reviews, Songs & More | AllMusic (på engelsk), henta 15. januar 2024 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]