Newport News
| Newport News | |||
| by | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Areal | 309,822526 km² | ||
| Folketal | 186 247 (1. april 2020)[1] | ||
![]() Newport News 37°04′15″N 76°29′04″W / 37.070833333333°N 76.484444444444°W | |||
| Wikimedia Commons: Newport News, Virginia | |||

Newport News er ein by søraust i delstaten Virginia i USA med 186 000 ibuarar.
Mesteparten av dagens Newport News var ein gong del av Warwick County, eit av dei åtte distrikta som i 1634 vart oppretta i den britiske kolonien Virginia, etter ordre frå kong Karl I av England. Fram til 1881 var Newport News et område med plantasjar og ein fiskarlandsby. Dei to siste tiåra av det 19. hundreåret vart det bygt jarnbane for å frakte kol frå West Virginia til utskiping. Eit stort skipsverft syrgde for å utvide trafikken langs kysten og på havet.
Mange er i dag sysselsett ved Newport News Shipbuilding og den USA-amerikanske luftvåpen og hær-basen Joint Base Langley-Eustis. I lag med andre militærbasar og leverandørar til desse, er økonomien i byen sterkt knytt til militæret.
Songaren Ella Fitzgerald var fødd i Newport News.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ https://data.census.gov/cedsci/table?t=Populations%20and%20People&g=0100000US,%241600000&y=2020; vitjingsdato: 1. januar 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Newport News, Virginia» frå Wikipedia på engelsk, den 20. april 2025.
