Hopp til innhald

Newport Pagnell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Newport Pagnell
by
Land  England
Region Buckinghamshire
Distrikt Milton Keynes
Folketal 15 586 (2021)[1]
Grunnlagd 1000-talet
Postnummer MK16
Retningsnummer 01908
Kart
Newport Pagnell
52°05′13″N 0°43′19″W / 52.087°N 0.722°W / 52.087; -0.722
Wikimedia Commons: Newport Pagnell

Newport Pagnell er ein by i Buckinghamshire i England. Han høyrer til den sameinte styresmakta Milton Keynes, og ligg nord for byen Milton Keynes.

Byen blir nemnt i Domesday Book (1086) som Neuport, som er gammalengelsk for ny marknadsby. Han vart grunnlagt at normannarane, og var dermed ein ny by i 1086. Det andre leddet i namnet vart lagt til då familien Pagnell (Paynel) tok over eit gods i byen.

Newport Pagnell i 2006.
Foto: John Winfield

På eit tidspunkt var Newport Pagnell ein av dei største byane i Buckinghamshire. Pagnell-slottet til familien låg der Castle Street ligg i dag. Det er ingen synlege spor etter slottet. Byen hadde tidlegare to sjukehus, og det vart halde seks festivalar i løpet av året. Før grunnlegginga av Milton Keynes på 1960-talet hadde posisjonen til byen i grevskapet dalt i lang tid, og med veksten til den nye byen er han ikkje lenger meir enn ein forstad. Dei to byane har no vakse så mykje saman at det er vanskeleg å sjå kvar den eine sluttar og den andre byrjar.

Landsbyane Broughton og Caldecote høyrer til Newport Pagnell kyrkjesokn, som er vigd til apostlane Peter og Paulus.

Motorvegen M1 går ikkje langt frå byen, og ved vegen ligg eit stort serviceområde kalla Newport Pagnell Services der.

  1. «Parish Profiles». folketelling i Storbritannia 2021. Office for National Statistics. Henta 5. august 2024.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Newport Pagnell