Newsweek

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Logoen til Newsweek
Fyrste utgåve av Newsweek

Newsweek er eit amerikansk nyheitsmagasin som kjem ut kvar veke. Det er det nest største vekebladet i USA etter Time og føre U.S. News & World Report. Magasinet blei grunnlagd 17. februar 1933 under namnet News‑Week. Det blei kjøpt opp av mediekonsernet The Washington Post Company i 1961.

Newsweek blir gitt ut i New York og distribuert over heile USA. Det kjem også ut i eigne versjonar på japansk, koreansk, polsk, russisk, spansk og arabisk, i tillegg til i ei engelskspråkleg internasjonal utgåve.

I 2003 hadde magasinet eit opplag på 4 millionar, inkludert 3,1 millionar i USA.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]