Nezha Bidouane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nezha Bidouane

Statsborgarskap Marokko
Fødd 18. september 1969 (54 år)
Rabat
Yrke friidrettsutøvar
Språk arabisk, Tamazightiske språk
Høgd 174 centimeter
Ektefelle Abdelaziz Sahere

Nezha Bidouane (fødd 18. september 1969) er ein marokkansk tidlegare friidrettsutøvar frå Rabat som deltok internasjonalt i 400 meter hekkeløp. Ho vart verdsmeister i øvinga både i 1997 og 2001, og vann elles VM-sølv i 1999 og OL-bronse i 2000. Bidouane sin personbeste på 52,90 sekundar er (2016) gjeldande afrikarekord.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Bidouanes vann 400 meter hekk ved Afrika-meisterskapen 1990 i Kairo. Det tok likevel lang tid før ho makta yppe seg mot verdeliten i øvinga.

Under friidretts-VM 1997 overraska Bidouane stort då ho sette alle konkurrentane på plass på 400 m hekk. Med tida 52,97 sekundar vart ho den fyrste marokkanske kvinna som vart verdsmeister i friidrett, etter ein tett strid med jamaicanske Deon Hemmings, medan Kim Batten frå USA vart nummer tre. To år seinare sprang Bidouane enno litt fortare i Sevilla då ho i VM-finalen 1999 gjorde ho unna sitt livs raskaste langhekkløp. Også då heldt ho Hemmings på plassen bak seg, men ho måtte sjå seg slått med ein hundredels sekund av gullvinnar Daimí Pernía.

Under sommarleikane 2000 i Sydney tok Bidoaune bronsemedaljen på langhekken. Året etter var ho heilt suveren i spesialøvinga ved VM i friidrett i Edmonton, og vart verdsmeister for andre gong.

Den 6. oktober 2014, 35 år gammal, vann Bidouane i Alger si siste tevling, før ho så la opp.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]