Ngāti Whātua

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Området til Ngāti Whātua

Ngāti Whātua er ein maori-iwi (stamme) som har det meste av området sitt (rohe) i regionen NorthlandNew Zealand(ein liten del ligg i regionen Auckland). Folket reknar seg som etterkomarar til innvandrarane som kom med wakaen Māhuhu-ki-te-rangi. Iwien består av fire hapuar (understammar): Te Uri O Hau, Te Roroa, Te Taou, og Ngāti Whātua. Ved folketeljinga i 2001 oppgav 12 105 menneske at dei høyrde til denne stammen.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

På den tida då den europeiske busetjinga på New Zealand tok til, låg territoriet (også kalla rohe) til Ngāti Whātua kring Kaipara Harbour og sørover til Tamaki Makaurau, området der Auckland ligg i dag. I tidlegare hundreår hadde denne stammen flytta sørover frå North Auckland Peninsula.

Rivalisering med Ngā Puhi iwi vart opptrappa tidleg i det 19. hundreåret då Ngā Puhi hadde skaffa seg skytevåpen (muskettar). Ngā Puhi gjekk til åtak på Ngāti Whātua i 1807 eller 1808 i slaget ved Moremonui, truleg første gongen skytevåpen vart bruka i krigshandlingar mellom māoriar. Ngāti Whātua vann over krigarane til Ngā Puhi med handvåpen medan desse lada muskettane sine, og vann ein avgjerande siger over åtakarane. Ngā Puhi, leia av Hongi Hika, tok hemn i 1825 då dei vann over Ngāti Whātua i slaget ved Te Ika a Ranganui.

Då iwien ønskte å tiltrekkja seg europeisk busetnad på sitt område, tilbaud Ngāti Whātua land ved Tamaki Makaurau til guvernør William Hobson i 1840. Hobson tok mot tilbodet og flytta hovudstaden på New Zealand til Tamaki Makaurau, og kalla busetnaden Auckland.

Striden om «The Orakei block»[endre | endre wikiteksten]

Ngāti Whātua kom i nasjonen sitt søkelys i 1970-åra i ei usemje om unytta landområde ved Bastion Point, litt aust for bysenteret i Auckland City, på grensa til forstaden Orakei. Landområdet, som hadde vorte skaffa billeg til ålmenne føremål mange tiår tidlegare, vart for ein stor del gjeve attende til stammen etter ein lang, og ikkje heilt ublodig, okkupasjon.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]