Ngā Puhi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Ngapuhi)
Området til Ngā Puhi

Ngā Puhi er ein maori-iwi som held til i regionen NorthlandNew Zealand.

Ngā Puhi er den folkerikaste av alle iwiane på New Zealand, med 122 214 registrerte medlemer ved folketeljinga i 2006.[1] Folket i Ngā Puhi held til på Nordøya på New Zealand, omkring Hokianga, i Bay of Islands og Whangarei. Ngā Puhi iwi omfattar 150 hapuar (understammar) og 55 maraear.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Grunnlegging[endre | endre wikiteksten]

Grunnleggjaren til Ngā Puhi er Rāhiri, son til Tauramoko og Te Hauangiangi. Tauramoko var ein etterkomar av Kupe, frå den store kanoen «Matawhaorua», og Nukutawhiti, kom frå «Ngātokimatawhaorua»-kanoen. Te Hauangiangi var dotter til Puhi, som førte «Mataatua»-kanoen nordover frå Bay of Plenty.

Gjennom inngifte med andre iwiar, og eit ekspansivt landnåm, har etterkomarane til Rāhiri danna stammar vidt utover North Auckland Peninsula. Dette har òg skapt band mellom nabostammar. Namnet «Ngā Puhi» vert brukt for å omtala iwiar som har slått seg til i områda kring Hokianga og Bay of Islands.

Muskettkrigane[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Muskettkrigane.

Tidleg på 1800-talet hadde Bay of Islands vorte ei viktig hamn på New Zealand. Gjennom auka handel med europeearar fekk Ngā Puhi større tilgang til europeiske varer, mellom desse skytevåpen, (muskettar). Væpna med europeiske eldvåpen gjekk Ngā Puhi, under leiing av Hongi Hika, ut i ei rekkje felttog mot andre maorigrupper for å utvida territoriet sitt, og dei vann fleire sigrar i Northland, Waikato og Bay of Plenty.

New Zealand-krigane[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå New Zealand-krigane.

I 1840 underteikna alle Ngā Puhi-høvdingane Waitangitraktaten, då dei oppfatta at traktaten i første rekkje skulle verna dei mot uærlege overgrep frå europeiske nybyggjarar. I åra 1845-1846 kjempa Ngā Puhi mot britiske styrkar på grunnlag av usemje om traktatinnhaldet og europeisk innblanding og brot på rettane. Maori-styrkane vart leia av Hone Heke, som vart vidgjeten då han hogg ned flaggstonga i Kororāreka (Russell). Heke, som leia maoristyrkar frå Bay of Islands, slost ikkje berre mot britiske troppar, men også mot maoriar i Hokianga som stod på britane si side. I førstninga vann Heke nokre sigrar, men desse vart etterfølgde av nederlag som førte til at maoriane tapte kontroll over meir enn 2 000 km² land som Ngā Puhi hadde hatt herredøme over.

1900-talet[endre | endre wikiteksten]

I kulturelle og økonomiske nedgangstider i det 20. hundreåret var det ei stadig utflytting av Ngā Puhi-maoriar frå Northland til andre regionar på Nordøya, mest til Auckland, Waikato og Bay of Plenty. Delvis har dette ført til at Ngā Puhi har vorte organisert i større, både geografiske og urbane grupper.

Ngā Puhi i dag[endre | endre wikiteksten]

Kia tū tika ai te whare tapu o Ngā Puhi
Må det heilage huset til Ngā Puhi alltid stå støtt

- mottoet til Ngā Puhi

Trass sitt geografiske mangfald, har folket i Ngā Puhi klart å halda på sin sams historie og sjølvidentitet. Iwien er administrert av rådet Te Rūnanga ā Iwi o Ngāpuhi, med sete i Kaikohe. Te Rūnanga uttalar seg på vegne av iwien i samtalar med styresmaktene på New Zealand. Det vil òg sikra ei rettferdig fordeling av stønadane frå 1992-avtalen med styresmaktene, og kan koma med initiativ i saker som til dømes ressursutnytting og utdanning.[2]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]