Ngawang Namgyal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ngawang Namgyal
Shabdrung rubin.png
Fødd1594
Død1651

Ngawang Namgyal (15941651) var ein tibetansk lama og er rekna som grunnleggjaren av Bhutan. Han blei seinare gjeve æresnemninga zhabdrung rinpoche, 'som ein underkastar seg for føtene av'.

Han sameinte Bhutan til eit rike på 1630-talet, og skapte ein eigen bhutansk kulturell identitet som skilde seg frå den tibetanske, som han stamma frå. Han innførte òg den tvidelte statsskikken med ein druk desi, som stod for den sivile administrasjonen av landet, og ein je khenpo som religiøst overhovud.[1][2]

For å halda Bhutan saman blei dødsfallet hans halde hemmeleg i 54 år, og først avslørt i 1705.[2] Seks etterfølgjarar i rolla som shabdrung, frå 1724 til 1931, er rekna som inkarnasjonane hans.[3]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Bhutan: A Rich History». PBS Online. Henta 6. mai 2016. 
  2. 2,0 2,1 Ellen Buch-Hansen. Bhutan – en politisk og økonomisk oversigt. København: Danida/Udenrigsdepartementet, 1996. ISBN 87-7265-467-8. Side 24
  3. Gyurme Dorje. Footprint Bhutan. London: Footprint books, 2004. ISBN 1-903471-32-X. Side 239-242